Stranda sogelag har halde årsmøte.

Styret i Stranda sogelag. Frå venstre Ola Lied, Harald Lied, Velaug Vassbotn, Inge Bjørdal, Fredmøy Wollen

Stranda sogelag har halde årsmøte med val, litt etter oppsett dato på grunn av korona-epidemien. Ny styreleiar etter Jens Arne Hessegjerde vart Velaug Vassbotn.

Stranda sogelag har lagt eit nytt, aktivt år bak seg. Her tek vi med ein del frå ei fyldig årsmelding for 2019;

-Stranda sogelag hadde eit stort lager av bøker i 2019, og som styret vedtok å gje bort. I alt 232 av desse bøkene vart delt ut gratis under Hellesyltdagane og Strandadagane. I tillegg fell alle skular og omsorgssenter i kommunen ein pakke kvar med sju bøker.

Under den årlege kulturkvelden i samband med utgjeving av Bygdeminne, heldt journalist Arill Riise foredrag om heimegarden på Sæbø og om snørasulukka som øydela det meste i 1968.

Bygdeminne 2019 var det 36. i rekka med opplag på 600. Harald Lied var leiar og redaktør i den ansvarlege skrivargruppa, og hadde med Kåre Stadheim og Arne Inge Tryggestad. Sogelaget utførte også mykje film og fotoregistrering dette året.

I 2019 fekk Stranda sogelag eiga heimeside som du kan sjå her; https://www.strandasogelag.no/

Og sogelaget sin vernepris for 2019 gjekk, i sterk konkurranse med fleire til Solheim v/Turid og Hans Jakob Fevang.

Val for neste periode.

Styret

Styremedlem: Velaug Vassbotn                                  2020-2022          ny
Styremedlem: Harald Lied                                           2020-2022          attval
Styremedlem: Fredmøy Wollen                                   2020-2022          attval
Styremedlem: Ola Lied                                                2019-2021          ikkje på val
Styremedlem: Inge Bjørdal                                          2019-2021          ikkje på val

Styreleiar:           Velaug Vassbotn                             2020-2021

Varamedlemmer:

Ola Ødegård                                                                2020-2022          attval
Arne Ringdal                                                                2020-2022          ny
Rolleiv Berge                                                               2019-2021          ikkje på val
Liv Sørheim                                                                  2019-2021          ikkje på val
Oddvar Gausdal                                                           2019-2021          ikkje på val

Valnemnd:

Kåre Stadheim                                                              2020-2023          ny
Anne Lise Lunde                                                           2019-2022          ikkje på val
Arne Ola Stavseng                                                        2019-2021          ikkje på val

Revisor:

Sigmund Berge                                                             2020-2021          ny

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380