Sunnylven har funne formasjonen  – VALLDAL SLÅTT 5 – 1

Bildetekst: Tre velnøgde målscorarar etter kampen mot Valldal. Frå v. Øystein Stolpenes (2), Ole J Lillestøl (2) og Svein Frode Tryggestad (1 mål). (trykk på bildet for større versjon).

Så fekk A- laget vist at sigeren borte mot Hildre ikkje herre var eit blaff. På heimebane søndag spela laget ein verkeleg god kamp, og kunne til sist gå av banen med siger heile 5-1 over Valldal. Sunnylven ligg no midt på tabellen med 5 poeng. For lilleputtane vart det nytt tap, trass i fin kjemping. Medan jentene spelar seriekamp i kveld mot Brattvåg på Hellesylt Stadion.

SJANSESKAPANDE SUNNYLVSSPEL : 5-1

Sunnylven fekk vist at sigeren borte mot Hildre ikkje var nokon tilfeldigheit. Søndag vart gjestane Valldal sett på plass med heile 5-1, etter ein gjennomført god kamp frå Sunnylven si side. Trekket med å la Svein Frode Tryggestad gå fram i angrepsrekka var svært vellukka. Han og ikkje minst Øystein Stolpenes arbeidde som slavar gjennom heile kampen, tok initiativ og skapte store sjansar. Såleis kom dei fleste måla og store sjansane etter forseringar på vingane og presise innlegg framfor mål.

Alt i opningsminutta fekk vi ein forsmak på det gode angrepsspelet. Svein Frode Tryggestad gjekk til dødlinja, og innlegget tok Ole J Lillestøl på direkten. Keeper halvklara. Øystein Stolpenes skaut,  keeper halvklara og Ole J Lillestøl får smelt avgarde endå eit skot som keeper endeleg får hand om. Valldal hang imidlertid bra med dei første 20 minutta, og spela seg fram til eit par hjørnespark. Like eins hadde dei eit godt skot utanfor etter ein fin crossball. Likevel venta nok dei fleste på at Sunnylven skulle ta leiinga. Det skjedde etter 21 minutt. Steinar Ringdal braut på midtbana. Via Ole J Lillestøl gjekk ballen til Svein Tryggestad som heada ned for føtene på Øystein Stolpenes. Roleg slo han ballen over ein utrusande keeper. Same Stolpenes var frampå berre tre minutt seinare. Han forfølgde ein tilsynelatande håplaus ball, nådde han og fekk skote forbi keeper. Men ein forsvarar redda på målstreken.

Utlikninga til Valldal etter 28 minutt skulle vore avklara. Ein høg ball vart slått inn framfor mål. Ivar Fivelstad i Sunnylvsmålet fekk ikkje kontroll, og ballen vart heada over han og i mål. Sist på ballen var Nils Ringset.

Men berre fire minutt seinare var Sunnylven i føringa på ny. Etter eit fint angrep skaut Svein Frode Tryggestad forbi keeper. Ein forsvarar kasta seg og redda med handa på streken. Dermed straffespark som Ole J Lillestøl sette i mål heilt ute ved stolpen. 2-1 vart og pauseresultatet. Men Sunnylven  avslutta med 3-4 flotte angrep som kunne ha gjeve utteljing. Nærast var Ole J Lillestøl på eit direkteskot. Men dette gjekk via ein forsvarar til hjørnespark. l andre omgang vart det for det meste berre Sunnylven. l medvinden drog dei opp det eine fine angrepet etter det andre. Tre hjørnespark og to gode skot rett utanfor var fasit, før 3-1 scoringa kom. Hans Hole køyrde fram og slo ein perfekt crossball til Øystein Stolpenes, som roleg slo ballen inn ved stolperota. 20 minutt ut i omgangen var det klart for 4-1. l eit av dei mange hjørnesparka fekk Svein Frode ein høg ball som han heada  nydeleg i mål via tverrliggaren Det neste kvarteret arta seg mest som eit samanhangande angrep på Valldalsmålet, avbrote av nokre kontringar som det vart lite sjansar av. Nærast å auke leiinga var Øystein Stolpenes på eit direkteskot og seinare ei heading like utanfor. Men først seks minutt før full tid fastsette Ole J Lillestøl sluttresultatet til 5-1. Han krangla seg forbi to forsvararar og sette ballen i mål frå skrått hald. Like før gjekk Hans Hole ut og vart erstatta av Hans Petter Tryggestad.

Sunnylven spelte ein gjennomført god kamp og sigeren var ikkje eit mål for stor. Vi har nemnt dei to på topp, Svein Frode Tryggestad og Øystein Stolpenes. Lenger bakover på bana vart det og jobba konsentrert og godt, og sigeren var først og fremst ein stor lagsiger, etter ein del motgang tidlegare i år. Dommar Oddgeir Sande frå Hessa var eit nytt bekjentskap i Sunnylven og han klarte oppgåva si svært godt.

Denne artikkelen stod i Sunnylvingen 5. juni 1985.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info