Sunnylven IL med årsmøte i nytt klubbhus

Leiar i Sunnylven Idrottslag, Per Ingebrigt Karbø delte ut både blomar og gode takkeord til to som hadde stått ekstra på for å få klubbhuset i Hyttehola realisert, Tarjei Korsbrekke til venstre og Magne Brekke (Foto: K.D. Langeland)

Tidleg i juni vart det halde årsmøte i Sunnylven Idrottslag, nokre månader etter vanleg årsmøtetid, grunna korona-situasjonen. Per Ingebrigt Karbø held fram som leiar i laget.

 

Årsmøtet i Sunnylven IL vart i år halde i idrettslaget og skyttarlaget sitt nye klubbhus i Hyttehola. Eit stort, tenleg bygg reist mykje på dugnad og betalt med tilskot og gåver frå gode støttespelarar. Bygget vart offisielt opna under ei tilstelling sist haust.

Delte ut blomar

Under årsmøtet vart to personar, Tarjei Korsbrekke, og Magne Brekke heidra med blomar og takka for innsatsen som dei hadde lagt ned for å få klubbhuset realisert. Det hadde blitt mange timar i planlegging og organisering, slo leiar Per Ingebrigt Karbø fast.

Karbø hadde også blomar til Jens Vik, styremedlem i ei årrekke og tidlegare leiar i laget. No ønska Vik, som hadde vore kasserar dei siste åra å få avløysing.

Mykje på arbeidsplanen

På årsmøtet vart det lagt fram fyldige årsmeldingar både frå hovudstyret og undergruppene. Utanom god idrettsleg aktivitet tek idrottslaget del i andre samfunnsaktivitetar, både under arrangement som 17. mai og Hellesyltdagane.

Laget ønskjer å bygge ein garasje for anleggstraktoren på Hellesylt stadion. Dette kom ikkje i gong i 2019, då staden ligg innafor rasfårleg område. Garasjebygget blir jobba med framleis og står på arbeidsplanen for 2020.

Aktive undergrupper

Også fleire andre saker står på tiltakslista for året, som å jobbe vidare med nytt treningssenter, o-kart Karbø, og nærmiljøanlegg.

Leiaren orienterte også om ein søknad om tilskot til oppgradering av kløvstien over Vardejuvet, ei mykje nytta turrås.

Fotballgruppa sytte for at 52 spelarar på fem lag fekk spele fotballkampar. Klubben har ikkje senior menn-lag , men også i 2019 samarbeidde Sunnylven og Stranda om eit damelag.

Skigruppa arrangerte Sunnylvscup på ski også sist vinter med ca. 60 deltakarar, og eit sonerenn med deltaking frå både Nordfjord og Sunnmøre. Årsmeldinga til skigruppa nemner fleire resultet av klubben sine aktive skiløparar, resultat hellesylt.info har omtala tidlegare.

Gode resultat kan ein lese også i årsmelding frå skiskyttargruppa, der heile 13 løparar stilte til start på enkelte renn sist vinter.

Trim/friidrett hadde stort besøk på trimpostane i fjelltrimmen med heile 12650 registreringar, ein auke på 15.6 prosent. I Sunnylven er også tre StikkUT-postar. I år finn ein desse på Kurlå, ved grinda før Stigholen og i Skaret med start frå Karbø. Trim/friidrett arrangerte Hellesyltløpet, og utøvarar har delteke både i gateløp, maraton og fjelløp.

Jens Vik til venstre ønska ikkje attval på årsmøtet i Sunnylven IL. Leiar Per Ingebrigt Karbø overrekte han blomar og takk for mange års innsats for laget. (Foto frå arkivet)

Val hovudstyret:

Leiar i Sunnylven IL: Per Ingebrigt Karbø

Styremedlem. Alle gruppeleiarane
Sekretær: Tarjei Korsbrekke
Fotballgruppa:
Leiar: Lillian Aasheim
Styremedlem: Gunn Elise Gjelsvik, Anita Langeland. Rita Rudning Røyrhus.
Hellesylt treningssenter:
Susanne M. Ringdal, Inger Ann Nybø, Ramazan Øcal, Rebecca Julie Ringdal, Svein Magne Frøysadal.
Skigruppa:
Leiar: Hans Hole
Styremedlemer: Linn Kammen, Anniken Hjellbakk Hole, Anne Karin Brenne Ringdal, Gisle Aaland, Maria Aaland Tryggestad.
Skiskyttargruppa:
Leiar: Magnar Tufte Tyssen
Styremedlemer: Lisbeth Lervik Helset, Geir Støverstein, Petrin Friestad
Trim / friidrett:
Gunnar Sårheim Fivelstad, Olav Andreas Sætreås, Karolin Parthe, Rune Hole, Kristin Storstein, Vidar Even Leite. (Ikkje valt leiar)
Sponsorgruppe:
Frank Øksvang, Per Amund Frøysa
Kioskgruppe:
Gunnhild Liva Folldal, Oddbjørg Stadheim.
Banenemnd:
Frode Nessan, Alf-Helge Aa. Nessan, Helge Tryggestad
Husstyre Hyttehola:
Magne Brekke, Anne Karin Brenne Ringdal, ein frå skigruppa, ein frå skiskyttargruppa, to frå skyttarlaget.
Husstyre klubbhus stadion:
Ole Aasen, Frode Nessan.
Valnemnd:
Magne Brekke ( manglar eitt medlem)

Revisorar: Annvor Tryggestad, Inge Røyrhus.
Representant i idrettsrådet: Knut Dag Langeland
Valnemnd i idrettsrådet: Per Ingebrigt Karbø.
Kontrollutval Idrettsrådet: Gunn Elise Gjelsvik.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380