SVEIN M. RUNDE NY SOKNEPREST

Søndag vert Svein Maron Runde innsett som ny sokneprest.

Søndag vert Svein Maron Runde innsett som sokneprest i Sunnylven. Runde er fødd i 1956 og vaks opp i Fosnavåg. Han er gift med Elisabeth f. Krohn, som er utdanna sjukepleiar. Dei har to born, ein gut på 3 år og ein som var fødd tidlegare i vår. Svein Runde har no vore vikarprest i Sande.

Heilt ukjend med Sunnylven er Runde ikkje. Foreldra hans eig gardane Seljeflot og Midtgård i Oaldsbygda, og der har dei hatt sauer på sommarbeite. I barneåra var Svein Runde såleis ofte på Hellesylt. Han søkte prestestillinga her, då sokneprest Roger Juul flytte til Uranienborg. Ved innsetjingsgudstenesta søndag medverkar forutan Runde, prost Ørstavik. Etter gudstenesta byd soknerådet inn til kyrkjekaffi. Vi ønskjer sokneprest Svein Runde til lukke med tenesta i Sunnylven.

Denne artikkelen stod i Sunnylvingen 5. juni 1985.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info