Lokalnytt

Tilskot til 17. mai-arrangørar

Stranda kommune deler ut 43.000.- kroner i tilskot til dei fire 17. mai-arrangørane i kommunen. Fordelinga er vedteke i formannskapsmøte 4. juni.

Sunnylven Idrottslag får 11.000.- kroner i godtgjersle for opplegget med feiring av nasjonaldagen. Som kjent vart det ei litt anna markering i år, men turen på fjorden med MS Bruvik og dei kulturelle innslaga på kaia på Hellesylt av lokale aktørar var gode og sett pris på av dei frammøtte i eit heller ruskete ver.

Sunnylven IL vart tildelt nest mest av dei fire arrangørane. 17. mai-komiteen i Stranda v/8. trinn Stranda ungdomsskule fekk 16.000.- kroner, av dette beløpet skal 5.000.- kroner gå til Stranda skulekorps, Liabygda Idrottslag og Geiranger Ungdomslag fekk begge 8.000.-kroner kvar.
Les og:
https://www.hellesylt.info/2020/05/feira-nasjonaldag-i-ruskever/

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380