Ungt lovande roceband til Ljøen

Koala Queen, rockebandet som inntek scena i Fjellgården Øvre Ljøen amfi laurdag. (Pressefoto)

Det blir konsert med Koala Queen, eit ungt, lovande rockeband frå Oslo som består av fem medlemer. Konserten på Ljøen laurdag kveld blir sommarens andre høgdepunkt i Fjellgården sitt Amfi.

På facebook skriv arrangøren omtale av livebandet, av ein energisk musikalsk gjeng som framfører melodiøse låtar og bakar dagsaktuelle tema inn i tekstane sine. Musikk der publikum lett blir rivne med.

Konsertarenaen laurdag 20. juni er open for publikum frå klokka 18.00, og sjølve konserten som varer i om lag to timar tek til kl. 20.00. Det blir open kiosk med sal av mellom anna lokalproduserte forfriskingar.

På grunn av korona-situasjonen har arrangøren avgrensa billettsalet til maksimum hundre. Ole Hjalmar Bonsaksen fortel om bra sal så langt, så han kan ikkje love å ha igjen billettar «i døra» på laurdag kveld. Alle som vil oppleve ein musikalsk festkveld, ein sommarkveld der temperaturen er lova 25 pluss, og med utsikt over eit natureldorado, då kan du gå inn på heimesida til arrangøren, www.bonseye.org og kjøpe billett til konsert med Koala Queen i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi. Dit skal også hellesylt.info!

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380