Utbetring av Grand Hotell på vent

Det er ryddig på baksida av Grand Hotell. Flakkgruppen har ein plan med hotellet, seier John Egil Giørtz Jacobsen, men inn til vidare er arbeidet sett på vent.

John Egil Giørtz Jacobsen i Flakkgruppen var innom Hellesylt nyleg for å sjå til hus og eigedom til selskapet. Av det han såg innom var mellom anna uteområdet ved Grand Hotell.

Det spirer på plenen der motellet stod. Etter at bygget vart rive i fjor vart det planert og tilsådd på tomta. Ikkje så mykje plengras enno, men det kjem nok ut over sommaren.

Bak Grand Hotell med si fantastisk utsikt ut Sunnylvsfjorden ventar ein hotellvegg på renovering, noko Jacobsen har snakka om i tidlegare samtalar med hellesylt.info. Men litt riving og utskifting av gamalt byggverk krev løyve frå andre enn eigaren, så det er blitt søkt og no er det kome positivt svar frå fylket på tiltaket.

-Vi har eit prosjekt, ein plan med hotellet, men inn til vidare er alt sett på vent. Også vi i Flakkgruppen er ramma av korona-epidemien.
Men bygget skal ikkje rivast, vi vil passe på nødvendig vedlikehald med tett tak og nye glasruter der desse er knust. Og vi har tidlegare rydda ut alt frå kjellaren for å få den utlufta og tørka opp, men inn til vidare er vi litt avventande, seier eiendomsansvarlig i Flakkgruppen, John Egil Giørtz Jacobsen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380