Dette gamle foto har vi fått tilsendt frå Pål Gaasøy og viser vegbygging i Berga. Ein luftig arbeidsplass der vegen mellom Frøysa og Hole vart ferdig i 1942. Bilde frå Vardegjølet mellom Frøysa og Hole. Ingebrigt Bjørdal står i midten, med handa på kransveiva. Til høgre for Ingebrigt står borsmed Elias Olausen Woldsæter. Framme til venstre, basen, Elias Hauge, saman med Ækre-Elias (Vollset). Bak til venstre: Lars I. Hauge og Andreas Brekke. Bildet er truleg teke våren 1940. .