Vurderer ekstra vasstilførsel til Helsetvatnet

Rådgjevar frå fylkeskommunen Pernille Giske til venstre saman med grunneigarar Jørgen Helset, Lisbeth Lervik, Olai Sætreås Kristoffersen, Margreta Janssen, Anne Petrin Sætreås, og Helsetvatnet i bakgrunnen.

Det privateigde, fiskerike Helsetvatnet er ei perle midt i jordbrukslandet. No ønskjer grunneigarane å sjå på mulegheitene for å tilføre ekstra ferskvatn for betre gjennomstrøyming og hindre attgroing.

Saman med grunneigarane var rådgjevar vannforvaltning Pernille Giske frå fylkeskommunen, og næringssjef Inge Bjørdal i Stranda på synfaring ved Helestvatnet fredag.
Ein gamal tanke om å hente vatn i røyr frå Bygdaelva vart drøfta, alternativt med inntak frå to stader. Frå Torsøyna vil grøft for røyrgata bli opp til fem meter djup, frå inntak i området ved Helsetbrua betydeleg grunnare.

Stor kostnad

Det vart ikkje konkludert under synfaringa, men Pernille Giske såg positivt på tiltaket som vil sikre bevaring av det fiskerike vatnet, ei visuell perle i landskapet. Det vil bli utarbeidd ein plan ut frå dei tankar som kom fram, og at det burde gjennomførast. Kva kostnad det er snakk om kunne ikkje Giske seie noko om, for mykje avheng av kva dimensjon på røyr ein må ha. Og det må søkjast om tilskot til prosjektet, for utan betydelege støtte er tiltaket vankeleg å gjennomføre, har Jørgen Helset, grunneigar i området uttalt til hellesylt.info tidlegare.

Kring Helsetvatnet er eit frodig jordbrukslandskap, men eventuell tilførsle av vatn vil ikkje endre grunnvasstande. På biletet frå venstre Olai, rådgjevar vannforvaltning Pernille Giske, Anne Petrin, Margreta, Jørgen, Lisbeth, og næringssjef Inge Bjørdal.

Påverkar ikkje jordbruket

For nokre ti-år sidan var situasjonen med attgroing langt verre grunna utslepp frå landbruket. No er det meir eller mindre stoppa opp, gamle synder er luka vekk og situasjonen er langt betre. Men eigarane av det verdfulle «spirskammerset» ønskjer eit røyr frå hovudelva velkome, det vil ikkje forringe forholda for jordbruksdrift kring vatnet, og heller ikkje påverke tilstanden i Bygdaelva då vatnet vil renne tilbake til elva nokre hundre meter lenger nede.

Vatn frå fjellbekkar

Alt fiske i Helsetvatnet er privat, men alle som spør får fiske der, får vi oss fortalt. I og kring vatnet er også eit rikt fugleliv heile året, her ser ein ender, svaner, og ei ørn har dukka opp den siste tida. I dag får Helsetvatnet vasstilførsler frå Kopgrova og Høgalmgrova, to fjellbekkar der vassføringa varierer frå nesten ingen ting til god.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380