Bjarne Brøndbo til Ljøen

Musikar og vokalist Bjarne Brøndbo held konsert frå scena på Øvre Ljøen laurdag 8. august. (Foto: Vikipedia)

Musikar og vokalist i dansebandet DDE, Bjarne Brøndbo kjem til Fjellgården Øvre Ljøen amfi 8. august. Brøndbo kjem utan bandet sitt denne gongen, men det blir nok av kjente og spreke DDE –låtar likevel.

Det var i pausen under konserten med bandet Maple & Rye laurdag kveld at arrangør og konsertansvarleg Ole Hjalmar Bonsaksen annonserte den kjente artisten til scena på Ljøen 8. august. Han kjem utan resten av DDE, men Bjarne Brøndbo trakterer fleire instrument, både piano, trekspel og to-rader, og er driven vokalist. Så låtar av Namsos-bandet blir det heilt sikkert mange av.

Alle som var på konserten på Ljøen laurdag fekk høve til å kjøpe billettar til Bjarne Brøndbo alt same kveld. Fleire billettar blir lagde ut og kan kjøpast på arrangøren si heimeside, www.bonseye.org

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380