Bra besøk ved Hellesylt Feriehytter

Åse og Glenn driv Hellesylt Feriehytter. Her framfor det velhaldne våningshuset på Stadheim Gård.

Drivarane av Hellesylt Feriehytter var usikre på kva turistsesongen 2020 skulle bli. Sjølv om utanlandske turistar måtte vente, tok dei norske landet i bruk, så mykje tyder på at det blir eit bra år for verksemda til Åse og Glenn.

Åse og Glenn driv utleige av hytter, midt i eit landskap fullt av natur og opplevingar. Som så mange andre innan turistbransjen var dei spente på kva for sesong 2020 skulle bli då Norge vart nedstengt i mars grunna korona-epidemien.

Vi set ved kjøkkenbordet med kvar vår kopp kaffi på Stadheim Gård og slår av ein prat om verksemda som Åse og Glenn Wernersen Stadheim driv.
-Usikkerheita var stor tidleg i sommar, kva skjer, vil landet bli opna igjen for utanlandske gjestar til ferien eller ikkje. Ville det bli eit år utan gjestar, det fyrste sidan vi overtok verksemda etter far til Åse for elleve år sidan at hyttedørene kom til å bli stengte heile sommaren, seier dei to. No veit dei svaret og det vart meir positivt enn frykta.

Brukte landet

-Det har vore ein bra sesong, og langt betre enn venta. Eg kjenner meg litt takknemleg, for i situasjonen som oppstod stilte alle opp, heile Norge var med på dugnad og brukte også oss som driv turisme. Det synest vi er veldig flott, seier Åse, og får støtte av Glenn som legg til at han kunne ønska seg litt klarare beskjedar om landet vart opna for utanlandske turistar på eit tidlegare tidspunkt.
–Eller kanskje burde vi ha halde fram som berre norsk ut heile året for å bli ferdig med korona slik at vi hadde håp om å vere tilbake til det normale igjen neste år.

Koseleg sæterhus

Hellesylt Feriehytter har fem hytter medrekna eit restaurert sæterhus i Moldskreddalen. Alle er hytter med høg standard og godt utrusta, også den på sætra. Der er ikkje innlagt vatn og el-straum, men populær likevel. Det kan vere ei koseleg oppleving når det sprakar i vedkubben frå ovnen, eller å gå ein tur i elva og hente reint, friskt fjellvatn. Elva har også blitt nytta til eit forfriskande bad av enkelte, fortel Åse som sjølv har prøvd badetemperaturen i elva.

Den gamle låven og mykje reiskap er teke vare på aav Åse og Glenn. Kanskje blir det restaurert for turistnæring ein gong.

Ikkje planar for utviding

Dei fem hyttene har frå fire til åtte sengeplassar. Og det held med fem hytter, dei har ikkje planar om å utvide. No dreiv dei ei verksemd som dei styrer og rekk over å vedlikehalde sjølve, då blir det også litt netto av det, seier dei to, men antydar at kanskje kan den gamle låven på garden bli til noko i framtida.

Eit godt ferieland

Gjennom samarbeid med eit reiseselskap ventar dei denne onsdagen dei fyrste belgiske turistane til Hellesylt Feriehytter i sommaren. Dei ønskjer alle, også utanlandske turistar velkomne til ferieopphald på Stadheim.

-Det verkar som dei utanlandske har venta og var klare for ferie i Norge så snart grensene vart opna, til eit land der det har vore god kontroll på korona-epidemien så langt. Kan hende har det kome noko positivt ut av det også, at det er eit land det er godt og trygt å feriere i. Det må gjerne ei krise til for at det skal bli bra etterpå. Vi er sjølvsagt klare til å ta imot dei, seier Glenn Wernersen Stadheim.

Sesong heile året

Fleire kjem tilbake år etter år, Hellesylt Feriehytter ligg midt i «smørauge» for opplevingar. I løpet av samtalen reknar dei to opp mykje av det vakre og spektakulære som omkransar området, både i eiga kommune og over fylkesgrensa. Men sesongen er ikkje berre i sommarhalvåret, også under hjortejakta og i den kvite og kalde årstid er det gjestar innom Hellesylt Feriehytter.
-2020 kan bli eit bra år, vi er fornøgde så langt, seier Åse og Glenn.

Sjå:

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380