Lokalnytt

Britar trenar i Sunnylven

Snøsamling på Sognefjellet tidlegare i år. Frå venstre trenarane Hans Kristian Stadheim og Jostein Vinjerui, Andrew Musgrave, Andrew Yong og James Clugnet.

Siste veke i juli har langrennsløparar frå det engelske landslaget og to norske treningssamling i Sunnylven. Samlinga skal vare ei veke i nettopp same område som har levert gullsankande utøvarar tidlegare.

På rulleski etter afaltvegar og løping i sætredalar og motbakkar i Sunnylvsfjella har gjeve gull og gode plasseringar i langrennsporet for Norge. I mange sesongar hadde Hans Kristian Stadheim sommarsamling i Sunnylven med løparar frå Lyn ski, i heimbygda til 34-åringen. Frå desse samlingane vaks det fram både OL –og Verdensmeistrar, og andre løparar med topplasseringar både i renn i Norge og internasjonalt. No er han og Jostein Vinjerui, begge trenarar for det britiske landslag i langrenn tilbake i «gullterrenget» i Sunnylven med dei britiske løparane Andrew Musgrave, Andrew Yong og James Clugnet, ein norsk OL-vinnaren frå Pyeongchang, Simen Hægstad Kruger og ein av norges beste i sprint langrenn, Kasper Stadaas.

Jostein Vinjerui og Hans Kristian Stadheim har hatt ansvaret og gjeve sine beste råd til dei tre toppløparar i langrenn for snøfattige UK. Alle bur og trenar i Norge heile året.
No skal viktig treningsgrunnlag for komande sesong på plass med mellom anna sommarsamling på Hellesylt og i Sunnylven.

Det store målet for dei engelske langrennsløparane er å kome i toppform til VM i Oberstdorf frå 23. februar til 7. mars neste år. Alle håper sjølvsagt at korona-situasjonen gjer at meisterskapen går som planlagt, seier Stadheim. Han legg til at dei førebur seg på det, og på jakt etter Storbritania fyrste meisterskapsmedalje i langrenn nokon gong.
Medalje i langrenn til landet som er mest kjent frå sport som fotball og friidrett har aldri skjedd før, men no kan det skje, meiner trenaren. Tidlegare sesongar har alle dei tre løparane vore høgt på resultatlistene i fleire renn, både under meisterskap og World Cup.

-Snøsamlinga på Sognefjellet tidlegare i sommar gjekk etter planen og lovar godt, så held dei seg friske og skadefri kan det bli ein god sesong, seier Stadheim. At han tek med løparane til Sunnylven kan vere eit sjakk-trekk, for her har nemleg gulløparar lagt ned treningstimar før. Då Stadheim var trenar for Lyn ski i Oslo hadde han sommarsamling i Sunnylven med ti – tolv løparar kvart år. Mellom dei var Simen Hægstad Kruger og Hans Christer Holund som har vore og er mellom verdens beste i langrenn for menn.
Vi treng nok ikkje minne så mykje om kva som skjedde på 30 km. med skibyte i OL i Sør-Korea i 2018, eller på fem-mila under VM i Seefeld i 2019, men dei to Lyn-gutane kom heim med dei blankaste medaljane.

Kanskje er det ei gulloppskrift å legge treningssamlingar til Sunnylven. Hans Kristian Stadheim synest her er varierte og gode treningstilhøve for både rulleski og løping, med asfaltvegar som har lite trafikk, og løping både på sætrevegar og i bratt terreng til fjelltoppar på 12 – 1500 meters høgde.
-Men det skal gjerast ein jobb, det er nok ikkje berre å møte opp og hente medaljar i eit meisterskap, legg Stadheim til.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380