Byggjer konkurranseform på rulleski og med fjellturar
Dei engelske og norske langrennsløparane som trenar i Sunnylven er kome over halvvegs i samlinga. Torsdag var det staking intervall på rulleski før fjelltur til Kløyvingsnibba 1331 m.o.h.
Tre britiske Andrew Musgrave, Andrew Young og James Clugnes, og Simen Hægstad Kruger og Kasper Stadaas frå Norge er alle toppløparar for sine land. Og under trenarane Jostein Vinjerui og Hans Kristian Stadheim har dei gjennomført to hardøkter kvar dag, på rulleski og bratte fjellturar. Ver, temperatur og opplegg har vore fantastisk bra, så godt at Andrew Musgrave meinte dei kunne avlyse andre samlingar og legge alle til Sunnylven og Hellesylt.
Fyrste dag søndag starta med ei lett rulleskiøkt, før det vart meir fart og hurtigdrag dagen etter.
På tysdag var Norangsdalen arena i tre timar på rulleski, og med 870 meter høge Åsenakken som kveldstur.
Onsdag starta med motbakkeløp frå kaia på Ljøen til Ljøbrekka. Turråsa som Ljøbrekkas vener har sett i stand fekk mykje skryt. Ei utruleg flott løype for løping i motbakke, var den samstemte kommentaren.
I tillegg til variert terreng har alle på samlinga hatt tilgang til Hellesylt treningssenter og styrketrening der. Og løparane har prøvd fiskelukka i Bygdaelva som renn like forbi campinghyttene der dei bur. Det har blitt nokre fine ørretar, frå 0.3 til 0.7 kilo, har vi fått oss fortalt.