Lokalnytt

Dagleg open Verdsarvutstilling

På Hellesylt er Verdsarvutstillinga i Bedehuset dagleg open for innsteg. Billetteringa er sjølvbetjent på vipps

Verdsarvutstillinga vart i mai flytta til det gamle Bedehuset på Hellesylt. Med litt mindre ombygging innvendig kom det meste av utstillinga på plass der, ei utstilling med vakre bilete frå området, og presentasjon av kjente og ukjente personar. Her har Henrik Ibsen fått sin plass etter at han var innom Hellesylt kring 1860-talet, vi møter andre lokale diktarar og kunstnarar både innan husflid, målarar, og her får vi sjå og lese om kunstnaren bak Peer Gynt-relieffa Oddvin Parr.

Sunnylven har også hatt musikarar og komponistar av folkemusikk, smedar og andre med skapande hender. Fleire av dei har fått sin plass i denne unike utstillinga som designer Anne Jorun Sæten har sett saman.

Verdsarvutstillinga blir dagleg open mellom klokka 11.00 og 18.00, seier Anne Jorun Sæten som håper mange tek turen innom og ser. Der er ingen guide, men det er berre å stige inn, lese og sjå. Billettprisen kan betalast på vipps, 50,- kroner for vaksne, og gratis for born under 16 år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380