Lokalnytt

Egil Olsen samla nesten fullt amfi

Trubadur Egil Olsen stod på scena på Ljøen for sjette gong laurdag.

Sjølv om vere var lite sommarleg kom dei langvegs frå for å oppleve konsert med trubadur Egil Olsen i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi laurdag kveld, ein arena visesongaren har gjesta fleire gonger tidlegare.

Kanskje er ikkje Ørsta sin kjende trubadur favoritten til alle, men 80 personar frå heile fylket og deler av Nordfjord hadde kjøpt billett og funne vegen til konsert i Øvre Ljøen Amfi laurdag. Dei såg ut til å kose seg sjølv om sommarveret var fråverande. Ut frå gjeldande smittevernkrav har amfiet plass til ca. hundre personar.

Ekte publikum

Egil Olsen gjesta arenaen på Ljøen for sjette gong på rad. Som utsynet frå staden så var det storarta å vere tilbake enno ein gong, og ikkje minst få møte publikum live, sa han. Han tok eit ekstra oversyn over amfiet om det var eit levande publikum til stades, for som mange andre artistar hadde det blitt konsertar over nettet også for Egil Olsen. I tillegg hadde han brukt vekene i koronatida til å førebu neste plate, fortalde han.

Nøgd arrangør

Og korona-situasjonen fletta han stadig inn til trivelege kommentar i presentasjonen av songar han framførte både ved piano og med gitar. Det vart mange viser, alle eigenprodusert, og sjølvsagt ekstranummer etter krav frå publikum. Vi hadde ønska oss meir norsk, men det vart mykje på engelsk tekstuttale.

Vi møtte ein godt nøgd arrangør Ole Hjalmar Bonsaksen under konserten. 79 billettar vart selde, eit høgare tal enn han hadde venta i få varmegrader og nedbør. Av sambygdingar var det berre tre som tok vegen til Ljøen denne gongen.

Ny konsert

Frå vinbuda var det sal av spekemattallerken og av andre forfriskingar både lokalprodusert og kortreist.
Neste konsert i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi er laurdag 18. juli med Maple & Rye. Konserten blir strima, og sponsa av 62ᵒ Nord.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380