Framleis konsertbillettar til Ine Hoem

Ine Hoem spelar også piano til fleire av låtane sine.

Det blir konsert med Ine Hoem i amfiet ved Fjellgården øvre Ljøen laurdag 1. august. Arrangøren har framleis ledige billettar.

Ine Hoem er født og oppvaksen på Grunerløkka i Oslo. 34-åringen har sterke røter til Fræna i Møre og Romsdal der far Edvard Hoem kjem frå.
I motsetning til forfattarfaren har Ine Hoem valt musikk, både innan populærmusikk og jazz. Låtar som har fått rosande omtale og gjort artisten kjent er mellom anna «Eg vil aldri tilbake», og «Blinkende Bergen» der ho også spelar piano.

Laurdag 1. august blir Ine Hoem å høyre i Fjellgården øvre Ljøen amfi. Konsertarenaen opnar klokka 18.00 og med konsert frå klokka 20.00. Som tidlegare blir det sal av forfriskingar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380