Lokalnytt

Gode forhold under Andesleppet

Vinnaranda var suveren, men seinare var det tett om plassane i årets Andeslepp. Nokre hundre publikum fylgde spent med også denne gongen.

Det var flotte forhold med god vassføring i Hellesyltfossen då startskotet small for det store andesleppet søndag. Og publikum følgde spent med, om ikkje fullt så mange som i korona-frie år.

Hellesyltdagane 2020 vart avlyst slik dei fleste store sommararrangement i landet har blitt så langt i år. Men noko minte likevel om at når landet har lagt epidemien bak seg, blir det nye dagar med underhaldning, fart og spaning på vakre Hellesylt.

Vi har fortalt om Hellesyltløpet som vart avlyst, men der veteran av løpet, Odd Arild Dale likevel etter eiga lyst fullførte sitt 33 løp åleine, ein test av eiga form, sa han.
Og på søndag vart det andeslepp i Hellesyltfossen, ein publikumsmagnet frå Hellesylt Ungdomslag som har avslutta dagane dei siste femten åra. Søndag rasa 2000 gule plastender, alle fri for korona-sjukdom ut frå traktorskuffa på Høge bru, og til målgang like forbi Hellesylt bro.

I år var det nytt mannskap ved oljelensa der ti premierte ender vart plukka opp. Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad hadde med seg formannskapsmedlem Knut Dag Langeland, og byggingeniør Tarjei Korsbrekke frå HT Bygg Hellesylt. Dei ordna jobben godt.

Her er det klart og vinnarane i Det store andesleppet blir opplesne av frå høgre programleiar Geir Frøysa, ordførar Jan Ove Tryggestad og leiar i HUL, Marianne Fivelstad

Her er årets vinnarar i Det store andesleppet 2020;

Premie 1000.- kroner (sju premiar:
Nikoline Sandø, Espen Ringdal, Olav Lade, Stein Ove Hasund, Jakob Rudi Nordang, Emma Åsen, Anne Marie S. Frøysa.

Premie 3000.- kroner (Ein premie:
Erna Hellebostad

Premie 5000.- kroner (Ein premie
Torstein Fivelstad

Premie 10.000.- kroner (ein premie:
Ingrid Korsbrekke Vorren

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380