Lokalnytt

Godt laksefiske i Korsbrekkeelva

Ole Arnstein Ringdal fekk denne ruggen på ti kilo i Fløtehølen i juni.

Fiske etter laks i Korsbrekkeelva har så langt vore eventyrleg bra. I mengde er det landa nær same mengde som i rekordåret 2018, men den store laksen manglar enno.

Glenn W. Stadheim fører nøye kontroll med antall og storleik på det laksefiskarane langs Korsbrekkeelva får. Elveeigaren er nøgd med det han har fått rapportert inn, fisket har vore svært bra, seier han. Det har blitt mange fiskar, men ikkje av det aller største slaget så langt.

-Vi har fått innrapportert mange på rundt 3.0 kilo, det verkar nesten som det kjem stimar opp i elva av denne storleiken. Men også laks på 5.0 – 6.0 kilo er det fiska mykje av og det er då ein flott storleik å ta med heim, seier Glenn. No ventar han berre på telefon om at storlaksen er landa.
-Så langt er den største på 10.4 kilo til fiskar frå Sykkylven, men fleire har laks like rundt same vekt. Du veit, når den største skal registrerast tel alle hektogram.

-Laksefiske i Korsbrekkeelva i fjor var dårleg i starten, men tok seg godt opp mot slutten av sesongen. Eitt av dei beste åra i elva var i 2018, men årets sesong kan bli like bra. I alle fall har fisket vore nesten eventyrleg bra så langt, seier Glenn W. Stadheim.
Kanskje er det gode fisket eit resultat av mykje og godt kultiveringsarbeid av elveeigarlaget i mange år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380