Lokalnytt

Grand Hotel skal bli vakkert igjen

Slik vil fasade mot øst og sjøen sjå ut etter renovering av Grand Hotel

Grand Hotel på Hellesylt skal renoverast utvendig, ikkje berre fasaden mot øst og sjøen, men heile bygget. Det opplyser Knut Trygve Flakk i Flakkgruppen til hellesylt.info.

Flakkgruppen har tidlegare i år sett det gamle meieriet på Hellesylt i praktstand med fornying av mur, tak og veggar. No står neste gamle bygning for tur, nemleg Grand Hotel.

I mai i år sende Flakkgruppen skisse med fasadeendring av austsida mot sjøen av det gamle hotellet til Fylkeskonservatoren. Selskapet ønska å endre litt på fasaden i samband med renovering utvendig, og etter ein del korspondanse er det no kome svar med godkjenning av planane.

God løysing

-Den løsningen som dere har skissert nå, viser en opprydding av bygningsformene med reinere og enklere volum. Hotellet sin henvendelse mot sjøsiden framstår på den måten klart mer tiltalende.
Vi har hatt innvendinger mot å utvide den søndre tverrfløyen til full bredde med symmetrisk gavl mot øst, men vi ser at det kan være en akseptabel løsning. Fylkeskommunen mener at dere kan arbeide videre med prosjektet på dette grunnlaget.
Terrassen for uteservering er nå konsentrert til arealet mellom tverrfløyene og er senket ned mot terrenget i to nivåer. Vi ser det som en god løsning.

Det skriv arkitekt og rådgjevar Helge Aarset hos fylkeskommunen.

Ein veranda og serveringsplass er tenkt midt på bygget på østsida.

Håper kommunen er positiv

Vi har sett behovet for ei skikkeleg oppgradering av hotellet, og spesielt fasaden mot øst. Den har vore lite vakkert, og har stått på forfall lenge. Men no har vi fått klarsignal frå fylkeskonservatoren til dei endringar vi ønskjer, så då blir byggemelding til Stranda kommune sendt. Vi håper sjølvsagt at det skal kome positivt svar også der i frå no når fylkeskonservatoren er positiv, seier Knut Trygve Flakk som legg til at heile hotellet skal renoverast utvendig.

Knut Flakk opplyser at i tillegg til fasadeendring skal taket gjerast tett, kledning på ytterveggar skal fornyast, og vindauge vil bli vurdert skifta ut. Og ut frå skisse frå arkitekt Kibsgaard – Petersen blir det stor veranda på østsida av hotellet.
Flakk håper alle formalitetar skal vere på plass i løpet av august månad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380