Lokalnytt

Har avlyst olsokmarkeringa

I over 20 år har det blitt feira olsok i Hellesylt Bygdetun. Her frå markeringa i 2010 med Karl Johan Øie ved mikrofonen.

Olsokfeiring i Hellesylt Bygdetun er avlyst i år, det får vi opplyst hos Venneforeinga for bygdetunet som har vore fast arrangør av olsokmarkeringa.

Det blir ikkje olsokfest med program, rjomegraut, kaffi og kaker i Hellesylt Bygdetun i år. Framleis er det visse restriksjonar ved arrangement på grunn av korona-epidemien, så arrangøren har valt å avlyse årets markering.

På spørsmål til arrangøren svara dei at dei såg det som rettast å avlyse denne gongen. Kom det mykje folk ville det bli problem, og blei det regn og alle måtte inn i løa, ville det blitt krise. Løa er som kjent ikkje av dei store.

Olsok er 29. juli. Feiringa i Bygdetunet har vore årviss heilt frå fyrste gong i 1998 og blitt markert med både god servering og gode programinnslag. Nokre gonger har samlinga vore i låven grunna veret, men dei aller fleste har blitt halde på tunet nær det gamle våningshuset. I år er altså olsokmarkeringa avlyst.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380