Inntek scena på Ljøen i august

Mange flotte artistar og band har stått på scena til Fjellgården Øvre Ljøen sommaren 2020. I august kjem enno ei musikalsk oppleving, nemleg ungdomsbandet KILT frå Hellesylt.
For nokre år sidan fann seks ungdomar ved Sunnylven skule glede i å synge og spele instrument i lag. Gjennom kulturskulen og lærar Erik Torset vaks ungdomsbandet KILT fram, eit band med strengeinstrument, tangentar, slagverk og ikkje minst vokal.
Fyrste store konsert
Framleis mange år etter at dei gjekk ut av Sunnylven skule er gleda like stor over å finne saman til øvingar og mimring over mange musikalske opplevingar. Fleire gonger har dei entra scena under Hellesyltdagane, dei har spela på Eidsdals-røra, og dei har delteke på Ungdomens kulturmønstring der dei har gått vidare og representert Stranda kommune.
No er KILT klar for sin aller fyrste sommarkonsert på den etter kvart så kjende scena på Øvre Ljøen, og blir del i «klubben» av kjendisartistar. Laurdag 22. august skal ungdomsbandet frå Hellesylt fylle amfiet med publikum.
Nye bandmedlemmer
-Vi gleder oss, og vi håper læraren vår frå kulturskulen kjem for å høyre på oss, seier Bertine Lade, bassist og vokalist i bandet med solid musikalsk utdanning frå Fagerlia vidaregåande skule. Men ho er ikkje åleine som trakterar instrument på framifrå måte. KILT har endra litt på den opphavlege besetninga, Mats Storstein Forbord og Simen Frøysa Hellebostad har slutta, og Olai Sætreås Kristoffersen på el-gitar og akustisk gitar, og Matti Kjellstadli på tangentar er kome til. Espen Ringdal spelar el-gitar betre enn Mark Knopfler, og Anna Kristine Storstein Forbord med ei unik songrøyst meistrar tonar både høgt og lavt som bandet sin vokalist.
Lika traktorar
Og ikkje minst Knut Iver S. Røyrhus, trommeslageren som også inspirerte til namn på bandet. Han går ikkje i skotske klær, og det er langt frå Røyrhus til Skotland der dei brukar kilt.
Knut Iver er av opphav gardsgut og på bondegarden på Røyrhus har dei traktorar. Og traktorar likar Knut Iver, så då Knut Iver Likar Traktor vart det KILT, eit støvande flott bandnamn. Så enkelt og greitt vart namnet til, fortel dei under øving torsdag kveld.
Mest engelske tekstar
Dei leita fram instrument og skrudde på forsterkarane for å starte opp øvinga. Er det eit popband eller eit rockeband? spør vi. -Set deg ned å høyr, svarar Bertine, og får hjelp med forklaringa av Anna Kristine. –Vi er litt av alt og spelar det bandet likar. Det går mykje på låtar med engelsk uttale, men på Ljøen blir det også noko på norsk.
Der blir det ein konsert med 13 – 14 låtar med ein kort pause. Og det er berre vi som spelar denne kvelden, fortel Bertine.
Vi fekk oss servert to melodiar under øvinga, men var det eit popband eller eit rockeband?, ja det er vi framleis usikre på. I alle fall, det var både lyd, rytme og engasjement frå dei seks.
Vi klappa for framføringane, men lova og trur dei får langt høgare applaus på Ljøen frå eit fullsett amfi. Avgjort ein kveld mange bør få med seg frå positiv og flott ungdom.
Konserten er i samarbeid med Sparebanken Møre. Billettpris nedsatt til kr. 100.-