Kan få rekordstort kommunalt næringsfond

Det er kome signal frå fylkeskommunen om at Stranda kommune kan få ei rekordstor tildeling på 1.5 mill. kroner til det kommunale næringsfond (KNF) i 2020. Forklaringa  er ønskje om å stimulere nyetableringar og bedriftsutvikling etter Korona-situasjonen.

Næringssjef Inge Bjørdal har gode nyheiter til lokalt næringsliv, og håper det kjem inn mange gode søknader i Stranda kommune om tilskot frå det kommunale næringsfond.
-Fristen for å søkje støtte frå KNF Stranda kommune er fredag 31. juli. Den korte søknadsfristen skuldast at Kommunal –og miljødepartementet ønskjer at midlane skal aktiverast så raskt som råd på grunn av utfordringane næringslivet har i samband med korona-epidemien, seier næringssjef Inge Bjørdal.

Spesielle reglar for å søkje

-Vi gjer merksam på at det for 2020 gjeld spesielle reglar for prioritering. Det er lagt ut lenker til desse retningslinene på nemnde heimeside. I tildelingsbrevet frå KMD til fylket vert det sagt følgjande:

«Kommunale næringsfond skal gå uavkorta til kommunar som er særleg hardt ramma av høg arbeidsløyse på grunn av covid-19-situasjonen. Tildelinga skal gjere det mogleg for kommunane å legge til rette for auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.

Målgruppa er bedrifter og næringsaktørar, og det kan til dømes gjevast støtte til marknadsføring, mindre investeringar, opplæring, produktutvikling og nyetableringar

Kommunen vil også bruke den nye strategiske næringsplanen som utgangspunkt for for prioritering.

Søknader til KNF skjer berre elektronisk og via portalen RF 13.50: https://www.regionalforvaltning.no/Startside/Velkommen.aspx

Vi gjer òg merksam på at Offentleglova og Forvaltningslova gjeld for søknader av denne typen.

Dersom du treng hjelp ved utfylling av elektronisk søknad tek du kontakt med næringssjef Inge Bjørdal (Mob.: 464 11 023. E-post: inge.bjordal@stranda.kommune.no).

Meir informasjon, vedtekter m.m.  finn du her:
https://www.stranda.kommune.no/tenester/naring-og-skatt/kommunalt-naringsfond/

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380