Konsert med lokale musikarar

Musikk av store komponistar, Edvard Grieg, Mendelssohn, Chopin og fleire tona ut og vart ein flott konsert i Sunnylven kyrkje torsdag kveld. Rundt 25 unge og eldre møtte fram.
Konserten i Sunnylven kyrkje hadde fortent eit langt større publikum. Men dei som kom fekk høyre populærmusikk frå tida kring 1860-talet, meisterleg framført av musikarar frå nærområdet.
Stephanie Roux og Evgenij Zhukov jobbar til dagleg i Stranda kulturskule, og under konserten trakterte dei piano og fløyte, medan Carolin Eide frå Eidsdal sette seg ved orgelet og beviste storleg at kyrkja har eit godt instrument. Gunnar Inge Eide batt konserten saman med å fortelje litt om komponistar og musikken som vart spela.
Det vart ein god time europeisk musikk frå kring 1860-talet, profesjonelt framført, og som publikum sette pris på.
Det var mange store stjerner mellom komponistar for 160 år sidan. I konserten spela Stephanie og Evgenij fleire korte stykke folketonar av Edvard Grieg, og det vart klassiske hits av Chopin og fleire andre. Samspelet mellom dei to ligg alltid på eit høgt nivå, eit profesjonelt plan som ein knappast skulle vente å få høyre ein torsdag kveld i Sunnylven kyrkje.
Og kyrkja har eit godt orgel, det har meistrar gjeve prov på tidlegare, og torsdag imponerte Carolin Eide storleg med si framføring av eitt av Meldelssohn sine orgelverk. Det var meir enn fantastisk, fanga vi opp i kommentarar frå publikum.
Imponerande var også avslutninga av konserten med Stephanie Roux på piano og Evgenij Zhukov på fløyte, eit musikalsk eventyr, smelta i hop i samspel og toneklang så ein nesten ikkje kan fatte at det er råd å få til.
Kanskje blir lokale scener snart for små for slike musikarar som besøkte Sunnylven kyrkje torsdag. Vi håper ikkje det, for bygde-norge treng slike.
Konserten var eit arrangement med støtte frå Sparebanken Møre.