Notiser

Lokale diktarar i Stranda kommune

Bonde og diktar Ivar Ringdal frå Sunnylven er ein av dei kjende diktarane i kommunen. «Lyng i steinurd» er ei diktsamling frå hans penn. Men kommunen har fleire som sogelaget vi starte arbeidet med å få fram.

 

Stranda kommune har fleire kjente diktarar, men har sikkert også mange ukjente. Stranda sogelag vurderer å starte innsamling av slike ukjente arbeid, og ynskjer innspel.

I ei orientering om arbeidet som blir vurdert starta opp skriv Stranda sogelag:

-I styremøtet i sogelaget 9. juni diskuterte styret eit innspel frå eit medlem. Kunne det vere ei oppgåve for sogelaget å samle inn, digitalisere og eventuelt gi ut dikt av lokale diktarar som ikkje hadde vore publisert tidlegare ? Styret meinte dette var ein god idé som ein ville gå vidare med.

Mange har kanskje liggjande i skuffer og skåp «etterlatne papir» etter avdøde slektningar som hadde ein diktargivnad. Kan noko av dette vere av interesse for eit publikum utanom familien?

Har du tips om slike tekstar, er vi takksame for tilbakemelding til sogelaget.

Vi er tidleg i prosessen enno og vi veit ikkje om ideen kan realiserast, men vi ynskjer å få tips om aktuelle diktarar. Hugs at dette gjeld alle bygdene i kommunen: Liabygda, Geiranger, Sunnylven og Stranda!

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380