Nær ein halv million frå Sparebanken Møre
Årets støtte frå Sparebanken Møre til lag og organisasjonar i Sunnylven var rekordstor. Etter søknader delte banken ut heile 460.000.- kroner av Teft-midlar 2020.
I pausen av eit sommardagarrangement på Hellesylt kunne ass. banksjef næringsliv Stig Tryggestad lese opp tildeling av store beløp til fleire lag og organisasjonar søndag 5. juli. Kanskje det meste som er tildelt av TEFT-midlar i Sunnylven på eitt år nokon gong.
-Vi i Sparebanken Møre håper beløpa er eit godt bidrag til den dugnadsinnsatsen som er i bygda, sa Stig Tryggestad då han kunngjorde tildelingane til søkjarane. Han refererte frå ei lang liste lag og organisasjonar der det totale beløpet frå banken vart 460.000.- kroner.
Programleiar Geir Frøysa var også imponert over beløpa og minte om kor viktig det er å ha ein lokal bank, og lokalt tilsette som ser kvar behov for støtte der den trengs.
Dei som fekk god støtte var;
KILT, eit nystarta ungdomsband 10.000.-
FJELLROSA 4H, aktivitetar i klubben 10.000.-
SUNNYLVEN PENSJONISTLAG, jubileumsmarkering 10.000.-
GAMLESKULEN AKTIVITETSMUSEUM, utbetringar; «Løft» på loftet, 15.000.-
BEDEHUSET, etablering av Verdsarvutstilling, 50.000.-
SUNNYLVEN SAMFUNNSHUS, diverse nye innkjøp og investeringar 75.000.-
SUNNYLVEN IL, Emit-brikker til bruk på skirenn og i friidrett, 90.000.-
SUNNYLVEN SKYTTARLAG, tiltak i samband med stort skyttarstemne i 2021, 100.000.-
HELLESYLT UNGDOMSLAG, bygging av toalettanlegg på badestranda, 100.000.-