Lokalnytt

Opna kyrkjegardsporten

Inge Korsbrekke t.v. og Olav Elling Gausdal tok spade og krafse i bruk og fekk opna porten inn til kyrkjegarden. (Foto: Ruth Hole Aaland)

Olav Elling Gausdal og Inge Korsbrekke hadde synfart og bestemt seg for å gjere noko med kyrkjegardsporten på Jogardsbøen, ikkje for å gjere den høg eller vid, men rett og slett for å få den opp.

Når ein har ledige stunder er det mange nyttige ting ein kan gjere på Hellesylt, for i denne bygda er ikkje dugnad eit framandord. Dei to sambygdingane Olav Elling Gausdal og Inge Korsbrekke likar at ting er på stell, og dei er ikkje redde for å ta eit tak når dei ser ting bør gjerast. Lenge har dei ergra seg over at smijarnsporten inn til kyrkjegarden på Jogardsbøen var vanskeleg å opne. Jord og grus har fylt seg opp gjennom mange år, og no måtte det rå kraft til for å få den opp.

-Eg skreiv eit brev i mai 2019 til prost Svein Runde og peika på visse ting både ved gravplassen og ved kyrkja som burde bli gjort noko med. Eg peika på problem med porten på gravplassen, at den var vanskeleg å opne, og eg skreiv at den flotte muren av skiferstein ved kyrkja burde vore reinska for groing av mose. Eg fekk svar, men framleis 14 månader etter har ingen ting skjedd, fortel Olav Elling Gausdal.

Etter fyrst ei synfaring fann han og Korsbrekke at dei i alle fall kunne ordne med porten på Jogardsbøen sjølve. Med spade og trillebåre fjerna dei jord og torv slik at poten vart lett å opne, og dei la på eit lag singel til slutt. Og med litt olje på hengslene vart porten knirkefri.

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380