Opna uteplass ved kaffibar på Hellesylt.

Ellen Fivelstad til venstre fekk mange gode ord frå Karl Kristian Langeland t.h. då han stod for den offisielle opninga av eit nytt uteområde ved Hellesylt Boutique & Bar fredag kveld.

For fem år sidan fekk Hellesylt sin kaffibar. Mange har slutta opp om tilbodet til Hellesylt Boutique & Bar, og med shampanje og det som høyrer med vart ein ny uteplass opna fredag kveld.

I godt vestlandsk sommarver var mange samla til opning av det nye uteområdet ved Hellesylt Boutique & Bar. På eit areal som høyrer til tomta til kaffibaren hadde Ellen Fivelstad fått støypt golv, og møblert med bord, benkar og stolar. Ei nyvinning som blir god å ha når turiststraumen aukar ut over sommaren.

Fredag kveld vart det nye serveringsarealet opna med stil som det seg hør og bør. Sjampanje vart servert, og lagbyggjar i Senterpartiet, Karl Kristian Langeland stod for den offisielle opninga. Han starta litt forsiktig og vedgjekk at han ikkje hadde opna så mange verksemder før, men han bar fram både gode og vel fortente ord til eigaren og gjorde jobben godt.

Karl Kristian Langeland rosa Ellen Fivelstad, eigaren av kaffibaren for at ho hadde stått på og skapt eit tilbod, ein kaffebar som mange var overraska over å finne på vesle Hellesylt. –Det er ein kaffibar vi alle er glade for å gå til, skapt av ein god ambassadør for bygda. Og du har forstått at for å få til noko på små stader må det samarbeid til, vi må jobbe på lag alle noko du Ellen har vore flink til, sa lagbyggjaren i Senterpartiet Karl Kristian Langeland mellom anna.
Ellen Fivelstad vart seg til del enno fleire rosande ord frå Langeland før han lett det smelle frå meir sjampanje og erklærte den 30 kvadratmeter store plattingen for offisielt opna.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380