Positiv til fornying av Grand Hotel
Om Flakkgruppen får gjennomføre sine planar med Grand Hotel, kan det ærverdige hotellet kome tilbake til gamal storheits tid. Det trur ordførar Jan Ove Tryggestad som håper tiltaket er det fyrste av meir.
Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad har fått med seg at Flakkgruppen har planane klare for utvendig rehabilitering av Grand Hotel på Hellesylt. At Miljøvernavdelinga var positive til endringane av fasaden mot sjøen var godt nytt synest han. Han trur at også Stranda kommune vil sjå positivt på tiltaket, i alle fall håper ordføraren det. –Men det skal sjølvsagt behandlast fyrst i dei rette utval, legg han til.
-At Flakkgruppen vil «stase» opp Grand Hotel igjen er godt nytt også for Hellesylt og bygda Sunnylven. Området ved sjøen på Hellesylt der hotellet ligg er ei perle, og med fornuftig bruk og utnytting av området på Hellesyltneset kan Grand Hotel kome tilbake til gamal storheits tid. Det treng bygda og Hellesylt, det er ikkje å kome frå at sentrum har mangla eit overnattingstilbod med ein kafeteria, sjølv om eg er klar over at Sunnylven har andre tilbod med både overnatting og matservering, verksender som driv både godt og seriøst, seier Tryggestad. Han håper fornyinga utvendig er fyrste skritt til noko meir seinare.
At heile hotellet no blir rehabilitert er positivt, og spesielt dei endringar som et skissert på baksida mot øst med stor uteterrasse er fantastisk flott, synest ordføraren. Han er så klart positiv til tiltaket og trur at også behandlinga i kommunale organ vil gå greitt. –Vi må skuve etter all positiv satsing, avsluttar ordførar Jan Ove Tryggestad.