Slåttedugnad på fjellgarden Ytste Skotet

På Ytste Skotet vert det gjennomført slåttedugnad i sommar. I løpet av tre veker skal markane slåast og stellast. Dette er eit samarbeid mellom Musea på Sunnmøre og frivillige frå Storfjordens Venner.
I veke 32, dvs 3.-9. august er det litt lite hjelp som har meldt seg. Har du tid, lyst og interesse for å vere med minimum tre dagar i veke 32, kan du melde frå på e-post til postys@mupsu.no
Standarden er enkel, då der er verken straum eller innlagt vatn. Men slåttefolka får tak over hovudet, og mot eit lite bidrag på 75 kr per døgn blir ein med på fellesmåltida. Museet organiserer båtskyss frå Dyrkorn og over fjorden.
Å vere med på slåtten er ein sjanse til å leve tett på den storslåtte naturen i Storfjorden, og å lære om livet den gongen og om korleis vi best kan ta vare på kulturarven for framtida. Slåttemarka og slåttemyra vert slått med ljå og slåmaskin og graset vert tørka på bakken eller hesja. Dette er tidkrevjande arbeid og det trengs difor hjelp til arbeidet.
Med helsing
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv – Storfjordens Venner
Einar Hoel
Adm-/økonomileiar
Tlf: 970 77 165 e-post: einar@verdsarvfjord.no