Lokalnytt

Spanande musikktilbod ved Fjellgården

Ved Fjellgården Øvre Ljøen Amfi kjem gode konsertar på rekke og rad i juli og august. Fyrst ut er visesongar Egil Olsen som entrar scena komande laurdag.

Etter suksessfulle konsertar, også strima på nett satsar familiebedrifta Bonseye på Ljøen friskt vidare på musikalske opplevingar. Ole Hjalmar Bonsaksen kan rekne opp toppband og artistar nesten kvar laurdag i juli og dei to fyrste laurdagane i august.

Fyrst ut er visesongaren Egil Olsen laurdag 11. juli, ein trubadur som stod på scena på Ljøen fyrste gong i 2015. Sidan har det blitt årlege besøk.

Laurdag 18. juli kjem Maple & Rye med gjest. Amfiet opnar klokka 18.00 med musikk av eit oppvarmingsband ein time før hovudartistane kjem på scena.

Så blir det to veker til neste, men 1. august har arrangøren Bonseye sikra seg ingen ringare enn Ine Hoem med duo BTW. «Eg vil aldri hjem» er den siste låten med Hoem som har fått musikkanmeldarar til å leite fram gode ord og rosande omtale.

Og så laurdag 8. august kjem ein stor overrasking, lovar Ole Hjalmar Bonsaksen. Kva eller kven det er vil han ikkje ut med enno, men det blir kunngjort under konserten i Øvre Ljøen Amfi 18. juli.

Ved alle arrangement er det kiosk med sal av forfriskningar av fleire slag. Billettar til alle konsertane er å få kjøpt på nett, www.bonseye.org, eller på selskapet si facebook-side.

Sjå og «Kva skjer på Hellesylt» for meir informasjon.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380