Startar for fullt i august med rehabilitering

Fredag 3. juli var alle vedtak på plass for rehabilitering av Sunnylven skule. På bildet nokre som har vore involvert i tiltaket, frå venstre ordførar Jan Ove Tryggestad, sivilarkitekt Gitte Langlo, anleggsleiar Geir Frøysa og prosjektleiar Tarjei Korsbrekke.

I møte i Utval for miljø og kommunalteknikk 2. juli kom det siste formelle vedtak på plass i høve rehabilitering av Sunnylven skule. Utbetringsarbeidet startar for fullt fyrst i august og skal vere ferdig hausten 2021.

Det har teke tid med å kome i gong med rehabilitering av skulen i Sunnylven, vedgår ordførar Jan Ove Tryggestad. Men ventetida har ikkje gjort planlegginga og utbetringa dårlegare, tvert om, seier han. Om vi hadde starta for fire år sidan ville det blitt ei langt mindre omfattande fornying på grunn av den økonomiske situasjonen i Stranda kommune, og eg er heller ikkje sikker på om vi hadde overlevd som kommune med dei kostnadane og den situasjon vi var i då.

Ikkje råflått

Det som skal gjerast no er heller ikkje av det råflotte, men på eit nivå som vil gje elevar og lærarar gode arbeidsvilkår, eit godt inneklima og dermed gode læringsresultat. Og eg er trygg på at dagens born og ungdom i Sunnylven vil få gå sine ti år i eit godt og tenleg skulebygg, seier ordførar Jan Ove Tryggestad.
Han ser også rehabiliteringa som eit pluss for ei avfolkingstrua bygd, At det kjem eit nytt og moderande tiårig skulebygg vil avgjort styrke bygda som ein attraktiv plass å busetje seg på.

Møre Miljøsanering er alt i gong med rivearbeid, her frå andre høgda

Hovudentreprenør

Det var HT Bygg Hellesylt som vart hovudentreprenør for rehabilitering av Sunnylven skule. Med på «laget» har byggfirmaet fleire underleverandørar, Sunn Rør as, Møre Miljøsanering, Platou og El 24. For måling og belegg er ikkje leverandørar klare enno.

To tilsette frå HT Bygg, Geir Frøysa er anleggsleiar, og Tarjei Korsbrekke prosjektleiar, og plan og utviklingssjef Einar Lied er kommunen sin prosjektansvarleg.

Rosar samarbeidet

Arkitekt for skulen som no blir utbetra har vore sivilarkitekt Gitte Langlo i ART arkitekter og ingeniører AS. Ho synest det har vore eit spanande oppdrag, og der ho og HT Bygg har utvikla positive og tenlege løysingar. Mellom anna har det blitt eit nytt inngangspartiet til skulen med heile uverskuret bygt inne som garderobe. Det kunne gjerast etter at det vart bestemt å flytte transformatoren som står inne ved inngangen ut til eigen kiosk.

Lurt å velje lokalt

Å få elevgarderobe ut av gangane i skulen, der det ofte er både våte klede og skor er ein stor fordel, det vil betre inneklimaet, trur Gitte Langlo. Ho rosar samarbeidet med byggefirmaet, det har vore veldig kjekt, seier ho, og legg til; -Å bruke lokale krefter er ofte lurt, då får ein gjerne meir tilbake for pengane.

Og for eigen del legg vi til at vi trur HT Bygg har spart oppdragsgjevaren for betydelege beløp i å ordne lokale for undervisning i byggeperioden. Her har det også blitt gjort utbetring/ombygging som kjem eigarane til gode seinare.

Det snart 50 år gamle bygge syner seg å ha behov for fornying

Mønetak

Det er skuledelen som no skal setjast i topp stand, fortel prosjektleiar Tarjei Korsbrekke. Totalt er kostnaden rekna til ca. 60.- mill. kroner. Samfunnshusdelen skal få nytt tak og ny veggkledning utvendig, men symjehall og tilhøyrande garderobar skal det ikkje gjerast noko med no. I skulefløya med musikkrom og inngangsparti blir alt nytt, og etter rehabiliteringa får Sunnylven skule mønetak med 16 grader halling. Det blir ein heilt ny fasade på skulen i Hellesylt sentrum så alle gamle bilete kan ikkje brukast som illustrasjon.
-Vi håper å løyve litt pengar så vi får ny kledning også å symjehallen utvendig, i alle fall på same veggen som samfunnshuset slik at den blir lik, seier Tarjei Korsbrekke.

HMS-tavla var koma på plass ved inngangspartiet

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380