Stor konsertkveld på Ljøen

Det svenske bandet Maple & Rye begeistra på Ljøen.

Ole Hjalmar Bonsaksen hadde leita fram noko av finkleda til konserten laurdag kveld i Øvre Ljøen amfi. Alle billettane vart utselt til konserten med det svenske bandet Maple & Rye.

Visetrubadur Stig Ulv var stand inn for oppvarminsbandet som måtte melde avbud til konserten på Ljøen laurdag kveld.
Sporty gjort på kort varsel, sa Ole Hjalmar Bonsaksen, som stilte i dongry og dressjakke for kvelden. Kanskje ei lita markering av at alle billettar til konserten var selde, at amfiet var fullt av tilreisande publikum. Heile 50 personar kom med cruiseservice og båten Gabriele, andre kom frå nær og fjern rundt Sunnylven.

Over hundre på konsert

Konserten med det svenske indiefolk-bandet Maple & Rye var den fjerde i sommar. Framleis skal det arrangerast fire konsertar til, men denne laurdag kveld var den aller fyrste på seks år at alle billettar var selde, sa Ole Hjalmar.
Denne kvelden kom også noko som likna på sommarver til Øvre Ljøen. Utruleg flott for både arrangør, artistar og publikum. Amfiet fylte seg opp av folk som kom til gards både i private bilar og med eit lokalt drosjeselskap.

Stig Ulv avslutta oppvarmingskonserten med sin eigen låt «Einsam», men måtte bidra med eit ekstranummer. Publikum lika det dei høyrde frå scena.

Trubadur Stig Ulv stilte på kort varsel og underheldt på Ljøen, ei scene han har spela på før.

Mange fekk med seg konserten i opptak på mobil.

God konsert

Og dei var klare for hovudattraksjonen, og klappa det svenske bandet Maple & Rye opp på scena. Stemninga steig fleire hakk når dei unge musikarane frå nabolandet slo ann med stor musikalsk dyktigheit og melodiøse sjølvkomponerte songar. Dei reknar seg for eit indiefolk-band, men vi følte det også hadde litt irsk-inspirert over seg, noko som ikkje drog ned inntrykket.
Ein av dei gode konsertane i Øvre Ljøen amfi der tangentar, gitar, bass og slagverk vart profesjonelt utnytta saman med «varmande» vokale tonar.

-Takk for at vi får lov å kome hit og spele. Eg har aldri sett noko vakrare enn dette landskapet, så tusen takk for at vi får lov å oppleve dette etter at vi har vaska fingrane i sprit, sa bassist Milton Lønnroth. Dei andre i bandet som fekk oppleve den unike utsikta frå Ljøen var Gustav Rybo-Molin, Henrik Bilsten, og Leo Lønnroth.

Ein flott kveld tykte arrangør Ole Hjalmar Bonsaksen.

Sel lokale varer

Også dei tre i Vinbuda hadde nok å gjere denne laurdagskvelden. Frå salsdisken blei det omsett mest av lokalproduserte varer, øl frå Geiranger bryggeri, vin frå Ljøen, spekemat frå Ole Ringdal As, og meir.

Neste konsert i amfiet på Ljøen er med artisten Ine Hoem 1. august, så kjem Bjarne Brøndbo 8. august, ungdomsbandet KILT frå Hellesylt står på scena 22. august, og ei helg deretter kjem avslutningskonserten denne sommaren. Artist då er ikkje kjent.

Desse damene hadde nok å gjere i Vinbuda, frå venstre Bente Bonsaksen, Irene Bonsaksen Hagås, og Karianne Havnes.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380