Sunnylven kyrkje konsertsal komande torsdag.

Lokalt tilknytte musikarar spelar musikk frå rundt 1859 av store komponistar i Sunnylven kyrkje (Pressefoto)

Mange fekk med seg konserten i Sunnylven kyrkje sist vinter med tre flotte lokalforankra musikarar, Stephanie Roux, Evgenij Zhukov og Carolin Eide. Torsdag 9. juli er dei tilbake i same konsertarena.

Årets sommarkonsert med dei tre tek utgangspunkt i ei tidsepoke hundre år seinare enn sist, fortel Gunnar Inge Eide som har sendt oss denne informasjonen;

-Vi fekk litt blod på tann etter konserten vi hadde i vinter. Då var det Anno 1782, denne gongen er det «Anno 1859» i Sunnylven kyrkje. Med utgangspunkt i det året Sunnylvs-kyrkja vart bygd har vi sett saman eit program for å spegle den tida. Kva rørde seg i europeisk musikk rundt 1859? Kven var dei store stjernene, kva lytta folk til? Dette var jo tida for dei store virtuosane, ikkje minst vår eigen Ole Bull. Mendelssohn og Chopin var også svært populære.

Her heime var ein i ferd med å oppdage den gamle, norske arven. Folketonar og -eventyr vart samla inn og interessa var stadig aukande for det «urgamle norske». Myllarguten spelte konsert i Christiania på hardingfela. Samtidig kom verda til Noreg; det var ikkje så veldig mange år seinare at det første cruiseskipet kom inn fjorden.

Stephanie Roux (piano), Evgenij Zhukov (fløyte) og Carolin Eide (orgel) tek publikum med tilbake til denne tida og spelar både klassiske hits og folkemusikk Anno 1859.
Konserten i Sunnylven kyrkje er torsdag 9. juni klokka 19.30

Det blir kollekt, Vipps kan også nytast

Eit musikalsk arrangement med støtte frå Sparebanken Møre.

Sjå:https://www.hellesylt.info/2020/03/konsert-i-sunnylven-kyrkje-2/

Sist vinterfekk 40 frammøtte høyre frå venstre Carolin Eide, Inga Lill Nydal, Stephanie Roux, Evgenii Zhukov i konsert frå anno 1782. Denne gongen er ikkje Nydal med.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380