Testa forma og sprang Hellesyltløpet

Odd Arild Dale gjorde unna Hellesyltløpet for 33. gong laurdag før gebursdagsselskap i slekta på Larsen gard.

Odd Arild Dale, Førde IL har delteke i alle Hellesyltløpa og gått heilt til topps på resultatlista fleire gonger. Laurdag 4. juli sprang han den 6.7 km. lange løypa for 33. gong, åleine.

Grunna korona vart Hellesyltløpet avlyst, slik også det meste av sommarfesten på Hellesylt 2020 vart.
Odd Arild Dale hadde halde seg skadefri og tena godt gjennom vinteren og våren. Han var klar for å delta i Hellesyltløpet 4. juli, men så kom korona-epidemien og snudde opp ned på alle arrangement, også for Hellesyltdagane som vart avlyst.

-Det var litt ergerleg å ikkje få teste forma, eg gleda meg verkeleg til løpet i år for eg følte at forma var god, seier Odd Arild Dale. Han hadde stilt til start i alle Hellesyltløpa tidlegare og gjort det svært bra i mange med mellom anna fyrsteplassar på resultatlista. I år var han klar for start for 33. gong.

For nokre veker sidan vart han klar over at løpet som blir arrangert av trim/friidrettsgruppa i Sunnylven IL var avlyst, men han var skadefri og forma hadde han halde ved like gjennom å drive fellefangst med lange turar i terrenget, og løping på både tredemølle, i terreng og på bane.

-Eg bestemte meg for å springe Hellesyltløpet også i år sjølv om det ikkje var offisiell konkurranse. Eg kjenner terrenget og løypetraseen godt så den følgde eg til punkt og prikke. Og det var fint å springe, der var tørt alle stader og der det var grasbakke var det nyleg slått. Forma var overraskande god, det gjekk lettare enn mange gonger før, og eg fullførte på rundt 30 minutt, fortel ein godt fornøgd spreking på 57 år, Odd Arild Dale. I fjor kom Dale i mål på 32.44, også det ei god tid.
Om han får registrert løpet som sitt 33. veit vi ikkje, men i alle fall er han tilbake neste år om ikkje uforutsette ting kjem på, det lova løpsmaskina frå Førde IL.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380