Utselt på Ljøen
Alle billettar er selde til konserten med gruppa Maple & Rye i Fjellgården Øvre Ljøen amfi laurdag. Det er fantastisk hyggeleg med slik respons, synest arrangøren.
Billettsalet har gått over all forventning. Bra var det til konserten med trubadur Egil Olsen sist helg, men til Maple & Rye er alle billettar selde. Faktisk har vi ventelister på personar som ønskjer å kome, fortel Bente Bonsaksen. På grunn av korona-reglar er det begrensa antall personar til konsertane, så til laurdag er alt utselt.
Ein liten skuffelse for alle dei musikkglade gjestane er at oppvarmingsbandet ikkje kjem, fortel Bonsaksen. Koala Queen som hadde konsert på Ljøen 20. juni ønska å kome tilbake til «den kulaste scena vi har stått på» som oppvarmingsband på laurdag, men har meldt avbud då vokalist Michael Charlotte har brote fot.
Veret lovar bra, og det blir som vanleg sal av «fast og flytande» frå vinbuda. Konserten som er strima er støtta av 62ᵒ Nord.