Notiser

Ane og Bern, gardbrukarar i Moldskreddalen.

I Sunnylvs-Moldskreddalen er det sæter i dag, men tidlegare har her vore gardsbruk og fast busetnad av folk.

I bygdeboka les vi at ei tid var det gardsbruk i Sunnylvs-Moldskreddalen, men kring 1850 lyste soknestyret garden fal til sæters. -No var det gått i ring. Moldskreddalen hadde sikkert vore sæter før folk busette seg fast der kring 1600-talet, står å lese i Bygdeboka.

Siste gardbrukarar i Moldskreddalen var Anders Salveson Røyrhus og kona Synnøve Pedersdotter Ringdal. Saman med dei på bruket budde Ane, enkja etter Bern Olsson som var eigarar her i 1811, men som døydde under tragiske omstende berre 53 år gamal.

I Bygdebok for Sunnylven og Geiranger er det fortalt korleis Bern forulukka etter eit besøk hos vener i Strandadalen i tida kring marimesse.
For dei som ikkje har lese forteljinga om Bern som gifta seg med Ane, så «saksar» vi frå Bygdebok for Sunnylven og Geiranger og set historia på prent igjen her på hellesylt.info:

Til Bergen med varer

Bern fekk følgje ei Sunnylvsjakt til Bergen eit år. Han hadde kjøpt saman varer til å avhende der.
-Dei nærma seg Bergen, og jakta seig sakte langs med ei strand. Då sat der ei ung jente oppe på stranda, våla og skreik og bad dei ta seg med til byen. Ho såg forfrosen ut, var tynnkledd og berrføtt, så dei la til lands og gav seg i prat med henne. Ho fortalde då at ho var vekksett til folk der og hadde det vondt.
Mennene var i tvil om kva dei skulle gjere. Somme sa det kanskje ikkje var lov å ta henne med, andre meinte dei som kristne burde forbarme seg over jenta som gret og bad så ynkeleg. Enden vart at dei tok henne med til Bergen.

Møtte Ane igjen

Nokre år etter var Bern i Bergen att. Då spurde han opp jenta, Ane heitte ho. Han fann henne i eit «ondeleg hus», er sagt. Bern trulova seg med ho, og dei gifte seg. Dette var «Ane i Dala» som det vart mykje snakka om før.
Ane høvde vel ikkje særleg godt som husmor ute i Moldskreddalen. I fyrstninga ville ho leve på anna vis enn folk her i matvegen med bruk av kaffi og anna. Det Bern fekk heim med jakter ein eller to gonger for året rakk ikkje til. Og så var både ho og mannen glade i sterk drikk. Dei var elles svære å traktere folk som kom der, og på eit overlag skulle det vere så sant dei hadde å gje.
Det fortelst at ein haust skulen var der, og dei skulle halde læraren med mat syntest Ane at ho skulle hatt ferskt kjøt, og kom så skjotande inn til Bern og sa; «Du Bern, han er så låk veren, du lyt slakte han før han sjølvdauar». Ja Bern tenkte ikkje over det, men lydde kjerringa og så fekk ho ferskt kjøt.

Storevatnet i Stranda-Moldskreddalen.

Det siste gjestebodet

Ikkje så sjeldan for strandarar og sunnylvingar gjennom Moldskreddalen i eitt og anna ærend. Dei brukte å kvile her, og mat fekk dei jamt.
Strandarane ville gjere gjengjeld og bad folket i Moldskreddalen ut om fjellet til seg i gjestebod ein gong for året. Det var ofte i jula.
Jula 1834 tenkte dei å ta ein tur, men det var ikkje ver å fare. Då det lei fram til Marimesse, vart det fint ver og føre, og så for Bern og Ane over til Stranda og var der nokre dagar.
Men så slo det om til ruskever då dei skulle heim att. Det var som eit len på med veret då dei la i veg frå Myklebust, men då dei kom inn i dalen vart det snøkave og rennedrive. Dei gjekk alt dei orka, men skiene klabba og seint gjekk det.

Her i Vatnedalen sleit Ane og Bern seg fram i uveret og på ski som klabba etter besøk hod kjenningar i Strandadalen

For slitsamt

Dei kom seg over Moldskaret, og no var det unnabakke. Men då dei var komne eit stykke ned over, var Bern så trøytt og klar og hadde slik verk over magen at han måtte leggje seg ned i breen. Ane sat der ei økt, men verken ville ikkje gje seg, og så gjekk ho heim i garden og fortalde Ole om kor til stod. Han tok med seg skikjelke og klede og gjekk. Bern var meir død enn levande då dei kom ut til han. Dei la han på kjelken og pakka han godt til med klede, men han døydde før dei fekk han i hus.

I kyrkjebøkene står: 25/3 – 29/3, Berendt Olsen Moldskred, 53 år. Død af kulde på et fjeld imellem Strandens Prestegjeld og garden Muldskredal i Søndelvens Sogn.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380