Eventyrleg handel av daglegvarer

Etter at Norge vart stengt for besøk frå utlandet er det norske ferierande som har dominert i gatebildet på Hellesylt denne sommaren. Ei god erstatning for handel i butikkane i turistbygda.

-Det har vore ein eventyrleg handel av daglegvarer i sommar. Det seier dagleg leiar ved Joker Hellesylt, Svein Sporstøl. Han var litt uroleg og frykta svikt i omsetninga i vår då landet skulle vere stengt for utanlandske turistar i sommar. I tillegg vart Hellesyltdagane avlyst grunna korona-epidemien, ei sommarhelg med mykje handel og som betyr ein del for omsetninga ved daglegvarebutikken.

Men frykta for handelssvikt var ugrunna. -Dei norske turistane kom og dei har brukt pengar og handla godt. Så godt at tala viser auka omsetning sjølv om kundebesøket har gått litt ned, seier Spostøl. Og han trekkjer fram faste lokale kundar som støttar godt opp om butikken. -Kanskje har dei reist mindre og handla meir lokalt under kjente forhold.

Men fyrst og fremst var det ferierande norske som fylte handlekorgene sine hos Joker i juni og juli. Og då går det på all slag matvarer av fast og flytande, også mykje frå grøntavdelinga. Varene gjekk nesten fortare ut enn vi makta å fylle på. Men vi fekk godt med tilførsel av varer, berre av jordbær svikta det litt med berre havparten av det som var bestilt, fortel Sporstøl.

At det skulle ende med omsetningsauke hadde han ikkje våga å tru på tidleg i sommar, og no er også turistar frå utlandet å sjå i gatebildet på Hellesylt.
Nettstaden har sett at også Coop Marknad, den andre butikken på Hellesylt har hatt same gode trafikk av kundar, men her har vi ikkje fått innhenta kommentar til handelen enno.

No går det mot slutten av fellesferien og turisttrafikken vil gradevis avta, men snart kjem det ei ny og stor kundegruppe til bygda som treng eit assortert utval kolonialvarer, så året kan bli rett så bra for dei to butikkane på Hellesylt. Det er berre å fylle opp butikkhyllene.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380