Lokalnytt

Fann Kjemperøyksopp på fem kilo

Her viser Aslaug Kjellstad fram eit sjelda eksemplar av ein Kjemperøyksopp. I bakgrunnen på biletet ser ein Nonsnibba (1587)

I det gamle sauefjøset på Kjellstad kom Aslaug Kjellstad over ein litt uvanleg vekst i år også. Midt i fjøset stod ei kjemperøyksopp.

Den gamle sauefjøsen på Kjellstad i Sunnylven blir ikkje brukt som fjøs lenger, men når sauer og lam blir sleppte i Kjellstaddalen om våre og henta heim om hausten er dyra innom det gamle sauefjøset for sortering.

Aslaug Kjellstad er pensjonert sauebonde, men har framleis hjartet sitt for dyra. Ho har mange gonger sett stor sopp som har vakse opp i fjøset i løpet av sommaren på den gamale tallen av jord, gjødsel og strø. Ho har ikkje tenkt så mykje over kva det var, for sauene har trakka det sundt i småbitar, fortel ho.

Men i år var der ein stor grå klump som ho ville finne ut kva det var og tok den med heim. Etter søk på nettet viste det seg å vere ein kjemperøyksopp, og som Aslaug vog til heile 5.28 kilo.

I Norge er det registrert heller få eksemplar kjemperøyksopp av denne storleik, men den kan bli enno større.
Kjemperøyksopp veks godt i parker og på grasmark, og lever av dødt organisk materiale.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380