Fekk møte sitt langrennsidol

Ari Kjellstadli og Simen Hægstad Kruger møtte kvarande nyleg for fyrste gong. (Foto: Tor Odd Kjellstadli)

På siste dag i juli fekk Ari Kjellstadli oppfylt eitt av sine store ønskje denne sommaren. Då fekk han møte sitt største langrennsidol, eliteløparen Simen Hægstad Kruger.

Det vart ein stor dag for 11 år gamle Ari Kjellstadli torsdag 31. juli. I ei veke har fem toppløparar frå Storbritannia og Norge trena i Sunnylven, mellom dei den olympiske meister Simen Hægstad Kruger. Det er favorittløparen til Ari, ein han føl med på i kvart eit stavtak når han går renn, fortel mor Silje. –Dokke må rope når Simen startar, er beskjeden når det får langrenn på TV og Hægstad Kruger er med.

Krasja, men vann

Ari vart fan av Lyn -og toppløparen for Norge etter det som skjedde på 30 km. med skibyte under OL i Pyeongchang i sør-Korea i 2018, fortel han. Han sat fram for TV heime i Kjellstadli og håpa at dei norske skulle gjere det bra. Alle kom godt i gang, unntatt Simen Hægstad Kruger. Han krasja i hop med andre løparar og vart sterkt hindra og kom langt etter. Nær eitt minutt låg han etter ei stund, men jobba seg sakte, men sikkert fram mot teten igjen. Og på slutten gjekk han frå alle og vart OL-meister. Det var så stort tykkjer Ari at han i alle år etter har vore hans største langrennsidol.
Vi må berre legge til at vi forstår Ari godt som sjølv går på ski og sparkar fotball, og moralen må vel vere at sjølv kor mørkt ting kan sjå ut kan det gå bra om ein har vilje til å stå på.

Gebursdag nesten same dag

Ari fekk videohelsing frå Simen på gebursdagen sin eit år. Den har han lagra trykt på telefonen. Dei har gebursdag på nesten same dag, Ari 12 mars og Simen dagen etter, -men det er berre 57 minutt mellom oss, seier han. Han har gjort fleire søk og skrive ein fyldig presentasjon omkring løparen på skulen.

Vann veddemål

I samtalen vår forstår vi at det også har blitt mange spanande stunder framfor TV-apparatet. Han har følgd med og fortel om langrenn der han er sikker på at Simen hadde vunne om han hadde fått gå som han og ikkje trenaren ville, om sprintrenn der han vedda med mor Silje og vann mykje godteri på at Simen kom minst til semifinalen, noko mora tvila på, og om eit renn der det enda med krasj med ein annan storløpar.

Supertreff

Denne veka vart det så eit møte mellom dei to like ved tunet i Kjellstadli. Simen og dei andre løparane og trenarane var på veg på ein lengre treningstur frå Tryggestad i Sunnylven til Flo i Nordfjord, men tok seg tid til eit stopp for bilde og prat med Ari. Eit treff han vil huske lenge.

Under treningsturen la dei inn eit stopp heime hos Ari framme saman med syster Siril, og bak til høgre Simen Hægstad Kruger, trenar Hans Kristian Stadheim, Andrew Musgrave, Andrew Young, James Clugnet, Kasper Stadaas, og trenar Jostein Vinjerui. (Foto: Tor Odd Kjellstadli)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380