Lokalnytt

Filmar til «Mission Imposible 7»

Helsetkopen, fjellet som dei siste 20 åra har blitt brukt av tøffe menn og kvinner i vingedrakter og fjellflyging. No blir fjellet med i ein større filmproduksjon.

Lokal presse, grunneigarar, frå kommune og representantar for lag og organisasjonar i Sunnylven var torsdag invitert til informasjonsmøte i høve opptak til deler av filmen «Mission Impossible 7». Per Henry Borch frå Truenorth kan ikkje bekrefte at det er nettopp denne filminnspelinga som kjem til Hellesylt. Berre at det blir filminnspeling.

I kantina til Ole Ringdal As fekk eit 20-talls personar orientert om mykje av det som skal foregå under innspeling i tidsrommet 19. august til 18. september. Eit stort tal filmfolk , helikopter og anna transport vil vere i sving i dette tidrommet, noko alle i Hellesylt vil merke.

Tek korona på høgste alvor

Til Hellesylt og Stranda kjem fleire hundre personar til ei koronafri kommune. Rådmann i Stranda, Åse Elin Hole hadde fått spørsmål om både trafikkstøy og om kor trygt det var med så mange tilreisande under ein pågåande korona-epidemi.

Per Henry Borch frå Truenorth sa at selskapet tok Covid-19 på største alvor. Dei ønska ikkje at nokon skulle bli sjuke, så selskapet ville følgje helsestyresmaktene sine smittevernråd med testing, munnbind, handvask, sosial distansering, antibakk og febermåling osv. Generelt kan ein seie at tiltaka vil bli strengare enn det som er pålagt.
-Alle blir testa før avreise, når dei er framme, og under produksjonstida. Vi ønsker at ingen skal bli sjuke av filmfolk eller lokalbefolking, sa Borch.
Per Henry Borch var til stades saman med tre andre frå selskapet og orienterte godt. Helsetkopen, det 1246 meter høge fjellet i Sunnylvsbygda vart peika ut til filmopptak i konkurranse med fleire fjellmassiv. Det stod til slutt mellom tre, i Sveits, i Romsdalen i Norge, men det vart Helsetkopen.

Skånsamt og ryddig

Det var mellom anna ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad glad for. På orienteringsmøtet sa han at han håpa filmselskapet fekk gjennomført det dei hadde planlagt, og gjennom filmen også få profilert kommunen. Tidlegare har ordføraren uttalt til hellesylt.info at kommunen vil vere velviljuge og gje løyver, forutsett at alt ser slik ut etterpå som då filmselskapet kom.

Per Henry Borch sa at det blir lagt vekt på å fare varsamt fram alle stader, og rydde opp etterpå. På Helsetkopen skal det ikkje borast i fjellet, men dei installasjonar som skal riggast der av brakker, toalett, gjerde, aggregat og meir skal forankrast i betongelement. Heile 60 tonn med betongklossar skal fraktast til toppen av fjellet med helikopter. På Helsetkopen og i Hellesylt sentrum blir det vakthald 24 timar i døget.

Utsikta frå Helsetkopen er magisk på fine dagar. Her ser vi Hellesylt langt i bakgrunnen.

Trafikken

På det meste vil 10 helikopter vere i sving under filminnspelinga, sa Borch. Til Helsetkopen flyg dei i to korridorar, ein rett opp Sunnylvsbygda frå Hellesylt der basen blir mellom Ole Ringdal AS og Hellesylt kai, og den andre ut fjorden og opp frå Geirangerfjorden til fjellplatået. Flygingane stoppar når det mørknar.
Ved Hellesylt cruisekai ankrar eitt av hurtigruta sine båtar opp, truleg nyrestaurerte Fram med 276 senger om bord.
Trafikk på land og sjø blir ikkje hindra av filmaktiviteten, men enkelte dagar og i korte periodar på inn til 15 minutt kan trafikk på vegen frå Hellesylt til Helset i Sunnylvsbygda bli stoppa, vart opplyst på orienteringsmøtet.

Det store spørsmålet er så kva skjer om veret blir dårleg, og i kor elendig ver kan filmarbeidet gjennomførast. September kan by på både storm og snø på Helsetkopen.
Filmselskapet var førebudd på at veret kunne variere, sa Borch, men då var det berre å vente. Og godt Sunnmørsk ver, helst utan regn var godt nok, sa han.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380