Lokalnytt

Fjellmassiv kan vere tenkt til filmarena

Kjem Tom Cruise til Hellesylt for å spele inn sekvensar til Mission Impossible ? Her under filming i fjellmassivet Preikestolen.

Til filmen «Mission Impossible 7» skal det spelast inn ein sekvens i Møre og Romsdal og med opptak i kommunane Rauma og Stranda. Det skriv Sunnmørsposten som igjen referer til Åndalsnes avis.

Rykta har svirra om filminnspeling i Stranda kommune og besøk av filmskodespelar Tom Cruise i samband med innspeling av ein ny «Mission Impossible». Offisielle kommentar og stadfesting har vore vanskeleg å få fram så langt, men helikoptertrafikk i og ved Helsetkopen i Sunnylven har sett spekulasjonar i gong.

Åndalsnes avis hadde sist veke eit oppslag som tyder på at ein ny spaningsfilm er planlagt innspela i Møre og Romsdal. Her blir det antyda eit stort oppbud av filmfolk til Rauma og Stranda, totalt 400 norske og utanlandske arbeidarar under ei innspeling.

Opptak skal gjerast i Rauma og Stranda kommune skriv avisa, og skal foregå i august / september. Koronasituasjonen har vore eit sentralt tema i samband med tilstrøyming av filmfolk frå utlandet. Mellom dei som er råka av situasjonen er hovudpersonen sjølv Tom Cruise. Men i juli vart det klart med unntak frå innreiserestriksjonane etter at Cruise sjølv hadde ringt til kulturminister Abid Raja.

-No kan utanlandske filmproduksjoner igjen filme i norsk landskap. Det er veldig gode nyheter også for den norske filmbransjen, som dermed unngår å gå glipp av oppdrag og viktig erfaringsbygging.
Jeg er glad for at vi fikk på plass dette unntaket så raskt, sa kultur –og likestillingsminister Abid Raja (V) i ei pressemelding då nyheita vart kjent.

Mange har lurt på kvar i Stranda kommune opptaka skal skje. Hellesylt.info har ved to høve i sommar registrert mykje helikoptertrafikk i fjellmassivet Helsetkopen i Sunnylven. Fjellet blir nytta ved basehopping, men det er ikkje registrert konkurransar i sporten her i sommar, eller kjent frå postliste i Stranda kommune at det er søkt og gjeve flygingsløyve til sporten. Om helikoptertrafikken gjeld planlegging av filmopptak i og rundt det 1246 meter høge fjellet i Sunnylven er så langt ikkje stadfesta.

Det er registrert helikoptertrafikk i og kring Helsetkopen i sommar utan kjent løyve.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380