Lokalnytt

Flott samling ved Flofjellhytta

Vel 50 unge og eldre var med på litt forseinka olsokfeiring ved Skihytta på Flofjellet søndag.

Ved Skihytta på Flofjellet var det litt forsinka olsokfeiring søndag. Vel 50 frammøtte fekk seg servert rømmegraut med tilbehør, grilla pølse, saft og loddsal.

Skihytta på flofjellet vart reist av folket på Flo i 1922. Her feirar både Flo-arar og andre tilreisande olsok kvart år og inntektene går til skihytta. Som andre bygningar treng også dette forsamlingshuset vedlikehald.

Unge Ruben Breidablikk sende ei facebook-melding til Hellesylt.info med ønskje om vel møtt til ei forsinka olsokfeiring søndag 15. august. Ruben har slektsband til Flo, men bur på Molde. Til Flogrenda kjem han gjerne og likar seg godt både der og oppe på fjellet. Han ønska å hjelpe med å skaffe inntekter til vedlikehald av hytta, fortalde han, eit hus som i eldre tider var samlingsstad for ungdom både sommar og vinter frå begge sider av fylkesgrensa.
Ruben Breidablikk var nøgd med frammøtet søndag sjølv om det var litt mindre enn tidlegare år.

Var anleggsbrakke

Skihytta på Flofjellet som eigentleg heiter Flofjellhytta vart reist og er eigd av folket i Flo-grenda. Skihytta var opphaveleg ei gamal stove på garden Dispen i Oppstryn. Gamlenystova som den vart kalla vart i 1910 riven og sett opp igjen i Knartevika og fungerte som anleggsbrakke for Vegvesenet fram til 1919. Då var det ikkje bruk for det to-hundre år gamle huset, og stova kom på nytt på sal.

På Flo trong dei eit hus på Flofjellet til bruk under skirenn om vinteren, og som brakke for vegarbeidarar om sommaren. Floarane gjekk saman og kjøpte Gamlenystova, og i 1922 vart huset reist ved nordenden av Ångelsvatnet.

Skihytta på Flofjellet har mykje tradisjon i veggane, og som ein kan lese om på ein informasjonsplakat på hytta.

Samlingslokale på fjellet

I 1935 stoppa vegarbeidet på Flofjellet og huset vart samlingsstad med dans og anna moro når det var sætrehelg på Flofjellet om sommaren, og under skitevlingar vinterstid.
Etter ein periode med lite aktivitet og forfall frå 1950 og i to, tre tiår vart Skihytta pussa opp igjen på dugnad. I dag er hytta framleis eigd av grunneigarane på Flo, og blir driven og halde vedlike av floarane.

Flott samling

Søndag 15. august var vel 50 personar frå Flo, men også frå andre bygder samla til litt forseinka olsokfeiring. Nabobygda Sunnylven var også representert, men med alt for få. Rømmegraut med tilbehør hadde vertskapet rikeleg av og var svært velsmakande som også det andre av meny. Og for enkelte var også vinnarlukka stor.

Vi trur Ruben Breidablikk og resten av Floarane fekk pengar i kassa til forefallande vedlikehald av Skihytta, eit flott forsamlingshus med mykje tradisjon i veggane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380