Lokalnytt

Fullt Øvre Ljøen Amfi på Brøndbo-konsert.

Bjarne Brøndbo på veg til scena og konsert i Øvre Ljøen Amfi. Nils Kåre t.v. og Ole Hjalmar frå arrangøren tek imot.

Forfriskande servering og artist Bjarne Brøndbo frå DDE skapte stemningsfull konsert i naturvakre Øvre Ljøen Amfi laurdag kveld, eit landskap artisten viste sin takk til på ærbødig måte på slutten av konserten.

Det vart nesten plassmangel i Fjellgården Øvre Ljøen Amfi då Namsos-artisten og frontfigur i DDE Bjørne Brøndbo inntok scena for konsert laurdag kveld. Grunna korona-restriksjonar har amfiet plass til hundre, så resten av dei 140 frammøtte måtte finne seg plassar i naturen kring amfiet. Det tok alle med godt humør, for konserten hos vertskapet Bonsaksen vart av dei minnerike denne sommaren. På scena sat musikar og vokalist Bjarne Brøndbo einsam bak sitt piano og serverte både historier, og ikkje minst DDE-songar som dei fleste kjente seg igjen i.

DDE starta si eventyrlege band-karriere i 1993, eit år dei faktisk også gjesta Hellesylt med konsert på grusbana i sentrum. Musikarane var lite kjente den gongen så med eit par ti-talls publikum gjekk det heile på tap for arrangøren. Bjarne Brøndbo huska og mintes denne kvelden for 27 år sidan. På Ljøen kom det langt fleire.

Det vart eit svært så hyggeleg og minnerikt møte med DDE-artisten på Ljøen under konserten laurdag 8. august.

Konserten vart rik på gode trønder-historier, også om artisten sin nære familie. –Så godt at pappa valde å gifte seg med mamma. Han kunne ha valt ei anna dame som eg ikkje hadde blitt kjent med, fleipa Brøndbo. Og fleire slike historier kom inn mellom kjente songar der også publikum song med. Rai-Rai var ein , skrive til norsk av Frode Viken, og etter litt øving saman med publikum kom lydnivået betydeleg opp og kunne sikkert høyrast både til Matvik og kanskje Skageflå i Geirangerfjorden.

Bjarne Brøndbo utfordra publikum, og han utfordra seg sjølv litt under konserten.
-Av og til når eg er ute og køyrer bil og høyrer ein song har eg lyst til å synge den sjølv. I dag bestemte eg meg for å gjere det berre for ein times tid sidan, sa Brøndbo, og så kom Ole Bremnes sin flotte «Har du fyr». Det vart litt magisk og eit høgdepunkt der ei tekst om måne, stjerner, hav og vind høvde så godt, element som omkransar nettopp Øvre Ljøen denne flotte laurdagskvelden. Ei fantastisk oppleving, servert av ein fantastisk artist.

I to avdelingar song og spela Bjarne Brøndbo for glade og feststemte konsertdeltakarar. Mange av dei kjende songane, landeplager som Vinsjan på kaia, E-6, Det går likar no, Byen vi bor i, Soria Moria slått, og mange, mange fleire kom. Sjølvsagt måtte Brøndbo også til med eit ekstranummer same kor kalde fingrane vart i den etter kvart kjølege augustlufta.

DDE-artisten sa det var fantastisk å vere på ei scene med ein slik utsikt. Han tykte eigarane på Øvre Ljøen hadde satsa modig og flott, og fekk publikum med på ein god applaus for vertskapet. Sjølv takka Bjarne Brøndbo for opplevinga heilt på slutten av konserten, snudde seg mot Korsfjorden og Geirangerfjorden og bukka djupt.

Eit piano som han trakterte sjølv var nok som tonefølgje for DDE-artist Bjarne Brøndbo.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380