Lokalnytt

Går mot bruk av åkerjord til fabrikktomt

På denne dyrkajorda på Tryggestad er det planer om å bygge hydrogenfabrikk. Grunneigarar meiner fabrikken bør ligge i eit planlagt industriområde i skogen i bakgrunnen på biletet.

Grunneigarar og brukarar på Tryggestad går mot å bruke dyrka jord nord for Litlebø kraftverk til hydrogenfabrikk. Dei tilrår i staden eit areal øst for Langedalselva ved Tryggestad som eit godt alternativ.

Fem grunneigarar og brukarar på Tryggestad har sendt ei fråsegn omkring planane for etablering av ein fabrikk for produksjon av hydrogen i nærleiken av Litlebø kraftverk.

Uakseptabelt å ta dyrka jord

I brevet som er sendt til mellom anna Stranda kommune skriv dei at om opplysningar i media stemmer skal den nemde fabrikken med anleggsområde og tilkomstveg plasserast i nærleiken av Litlebø kraftverk på nordsida av Nibbedalselva. Her ligg den beste dyrkajorda på Tryggestad, kulturjord med god arrondering.

-Det framstår som heilt uakseptabelt for oss å bygge ned 15 dekar matjord. Arealet som er tenkt nytta er også det arealet med den høgste boniteten i grenda, det er sørvendt, fleire hundre år gamal åkerjord som ikkje kan erstattast av nydyrking nokon stad i området kring Tryggestad, skriv dei fem.

Alternativt område

I skrivet peikar Tor Arne Tryggestad, Odd Granerud, Hans Hole, Per Aamund Hauso og Per Kjell Leite i staden på eit areal aust for Langedalselva som Stranda kommune er i ferd med å regulere til industri.
-Dette er eit areal som også har plass til framtidig utviding av den påtenkte hydrogenproduksjonen. Men ikkje berre det, det er plass til også anna framtidig utvikling av industri.
Å gjere dei grunnleggjande investeringane som trengs vil difor kunne få mykje meir omfattande positive ringverknader for Hellesylt enn den no påtenkte plasseringa av ein hydrogenfabrikk, og med mykje mindre konsekvensar for dyrka jord og lokalt livsmiljø.

Området som er tenkt til fabrikk er av den aller beste dyrkajorda på Tryggestad, og viktig for jordbruksdrift i området. I bakunnen Litlebø Kraftverk.

Jordbruk blir skadelidande

På Tryggestad er der fleire gardsbruk i full drift, og eit så stort inngrep vil endre Tryggestad-grenda frå å vere ei jordbruksgrend til å få industriell karakter, heiter det i fråsegna. Så konklusjonen frå eigarar og brukarar er klar;
-Vi vil sterkt oppmode Stranda kommune og tiltakshavarar for hydrogenfabrikken om så snart som råd å kome i gong med planar for å plassere hydrogenfabrikken på det allereie planlagde industriområdet på austsida av Langedalselva.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380