Lokalnytt

Hoppa fallskjerm nær Helsetkopen.

Her kastar Tom Cruise og ein annan fallskjermhoppar seg ut frå 62Nord-helikopteret, høgt i skylaget over Helsetkopen.

Tom Cruise har vore i Hellesylt laurdag. Dagen har han brukt til å hoppe fallskjerm frå helikopter nær Helsetkopen.

Det var ikkje perfekte forhold for luftsport i Sunnylvsbygda og nær Helsetkopen laurdag 29. august. Men frå eit 62Nord-helikopter vart det gjort fleire fallskjermhopp frå både stor og lav høgde. Der var fleire hopparar, og ein av dei var Tom Cruise, kunne hellesylt.info sin mann i feltet fortelje.

Vind og tåke hemma øvinga litt, så fallskjermhopparane kom ikkje så nær kanten av Helsetkopen som ønskjeleg. Ein GPS-styrt fallskjerm med mannleg dukke under deisa i fjellveggen ved Høgalmgrova grunna uryddige vindforhold.

Tom Cruise med blå fallskjerm og kollega sikkert inn for landing

Tom Cruise brukte ein blå fallskjerm og kunne sine saker i lufta. På avstand kunne ein følgje med på luftige seglas i sving og rundkast. Det vart fram mot ti hopp i løpet av ettermiddag laurdag. Rundt klokka 18.30 drog kjendisstjerna frå Sunnylvsbygda i sitt svarte helikopter som hadde stått godt gøymd bak eit skogholt nær Helsetvatnet.

Og så var «arbeidsdagen» over og Tom Cruise drog frå området i sitt svarte helikopter. Fjellet ved Helsetkopen i bakgrunnen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380