Lokalnytt

KILT i Øvre Ljøen amfi laurdag

Ungdomsbandet KILT frå Hellesylt er klar for konsert på scena ved Øvre Ljøen Fjellgård i august. Frå venstre Espen Ringdal, Bertine Lade, Matti Kjellstadli, Knut Iver S. Røyrhus (fremst), Anna Kristine Storstein Forbord, Olai Sætreås Kristoffersen.

Laurdag 22. august er det ny konsert i Fjellgården Øvre Ljøen amfi. Då inntek det lokale ungdomsbandet KILT scena, den fyrste store opptreden for ungdomane frå Hellesylt.

Anna Storstein Forbord, Bertine Lade, Matti Kjellstadli, Espen Ringdal, Olai Sætreås Kristoffersen og Knut Iver Skjortnes Røyrhus er gjengen som med tangentinstrument, gitar, slagverk og song har danna bandet KILT.
Som elevar ved Sunnylven skule har alle hatt sine timar i song og musikk i Stranda kulturskule. Erik Torset er læraren som kanskje har hatt dei fleste song –og musikktimane med dei seks, men no er alle i bandet kome til nye læringsstader utanfor heimbygda. Under øvingane til konserten laurdag har dei tidlegare elevane hatt eit tett samarbeid med Torset i ei rådgjevande rolle.

-Eg er sikker på at det blir veldig bra, det er gøy å høyre på, for dei spelar veldig bra. Og repertoaret er variert med dei fleste songane på engelsk, og innehels både The Beatles og Abba-låtar. Men også norske Hellbillie er på spelelista som tel heile 15 songar, fortel Erik Torset.
Han anbefaler sterkt å ta turen til Øvre Ljøen amfi laurdag, for det kan bli ei flott kveldsstund på ein flott plass, seier han.

Det er selskapet Bonseye og vertskapet i Fjellgården Øvre Ljøen amfi som arrangerer konserten, den sjette på utescena denne sommaren.

Ole Hjalmar Bonsaksen gledar seg til laurdag, til å høyre på ungdomsbandet frå heimbygda. Han håper dei får levert det dei er gode for, at dei slår seg lause med sitt driv i spelet og med dei gode vokalistane. Han trur dei taklar det å spele på ei stor scene og for eit fullt amfi.

Billettar til konserten kan kjøpast på nett, heimesida www.bonseye.org
Konserten er sponsa av Sparebanken Møre.

Les gjerne: https://www.hellesylt.info/2020/07/inntek-scena-pa-ljoen-i-august/

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380