Konsert med Ine Hoem ein «go`bit»

Ine Hoem og musikarar på scene i Øvre Ljøen Amfi spela for knappe femti frammøtte.

Laurdag 1. august var det Ine Hoem og musikarar sin tur med konsert i Øvre Ljøen Amfi. Knappe femti på tribuna fekk oppleve ein flott konsert av ein artist med ei vakker songrøyst.

-Det er på Sunnmøre det skjer sa Ine Hoem då ho helsa til publikum i starten av konserten. Songartisten, oppvaksen i Oslo, men med farsrøter til Fræna, no Hustadvika kommune kunne fortelje om ein dag der det hadde blitt bading i eit basseng, servering av svært kortreist mat, og at dei hadde vore vitne til ein dramatisk bilbrann på Ljøen. Brannen enda bra, men det er på Sunnmøre det skjer gjentok ho, før ho delte ut verbale roser til staden ho var på. -Dette er berre ein fantastisk flott stad, sa Ine Hoem.

Ine Hoem hadde med to dyktige musikarar på gitar og tangentar, og saman framførte dei songar frå den fyrste plata hennar kalla «Hundre dager» som kom ut i januar i år. Der er «Eg vil aldri hjem» blitt ein av dei alle mest kjente låtane frå plata, og den var opningssongen på Ljøen. Seinare kom fleire andre låtar frå plata på rekke og rad, til saman tolv i to avdelingar.

I løpet av konserten røpa Ine at ho som 19-åring var forelska i mange gutar, og dei i henne, noko vi kan forstå. Dette hadde ho laga ein låt om som ho kalle «1998», ein liten hyllest til alle dei kjekke gutane den gongen. Det vart ein nordmøring til slutt, fortalde ho.

Dette var fjerde konserten i Fjellgården Øvre Ljøen amfi denne sommaren. Konserten vart ein go`bit for song og musikkglade, heilt på høgde med mange av dei andre konsertane. Saman med dyktige musikarar i Edvart Synnes på tangentar og Markus W. Johannesen gitar, vart konserten med vakre Ine Hoem og hennar reine songstemme eit vakkert sommarminne frå den spesielle konsertarenaen på Ljøen.

Ine Hoem hadde opplevd mykje før konserten på Ljøen laurdag kveld.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380