Konstruksjonar tek form.

Førebuingane til filmopptak på Helsetkopen er godt synlege. Oppe på platået har fleire store konstruksjonar teke form berre etter tre dagar.
Alle foto: Turgåar
Eit par tårn i rør og ein stor platting litt lenger inne på fjellplatået er skrudd opp så langt. Men enno meir stilas-materiale er frakta opp, så det kjem nok fleire konstruksjonar mellom stein og mose 1246 meter opp frå Sunnylvsfjorden.
TV2 har fått vite at i samband med filmopptaka blir det innført flyforbod i ei sone frå Frøysanibba til Hellesylt i perioden søndag 30. august til 11. september. Søknader om dispensasjon for å fly drone i området vil truleg ikkje bli gitt, heiter det i svar frå Luftfartstilsynet.
Vår turgåar på Helsetkopen kunne bevege seg fritt i området laurdag 21. august. Men «friheita» blir nok innskrenka etter kvart, det blir nok meir vakthald når det kjem kjente personar og utstyr for filmopptak på plass på Helsetkopen.