Mange premiar på samlagsstemne

Det vart stor premiefangst og mange tittlar på skyttarar frå Sunnylven skyttarlag under Samlagsstemnet i Ålesund. Og av laget sine deltakarar var det familien Frøysadal Hauge som gjorde det største innhogg i premiebordet etter mykje god skyting.
Samlagsstemnet i Olsvika i Ålesund var årets siste banestemne. Kristian Andre Frøysadal Hauge gjekk seirande ut av meisterskapet som Samlagsmeister i klasse senior 3 – 5 med imponerande og personleg rekord 347 poeng, eit poeng foran Trine Ramsvik Stette frå Engesetdal/Skodje skyttarlag.
I tillegg til å bli samlagsmeister som første års senior, sikra han seg også napp i vandrepokalen for beste 25-skot (247 poeng). Kristian vann også skytinga om Den norske Skyttarmedaljen med poengsummen 298.
God skyting stod også broren Isak Elias for og vart Samlagsmeister i junior med poengsummen 349.
Og ikkje nok med det, så kom Ørjan, tredje bror Frøysadal Hauge på premiepallen i eldre rekrutt med 3. plass og 348.
Skyttarar frå Sunnylven skyttarlag fekk enno fleire gode plasseringar under stemnet. I klasse 1. vann Kirsti Frøysadal Hauge med poengsummen 244.
I klasse 3 – 5 kom Ivar Fivelstad på 6.plass med 341 poeng, Dag Andre Hauge på 11. plass, og Kjell Oddvar Frøysa nr. 12, begge med 334. Ola Vangen kom på 14.plass med 332 poeng.
Dag Andre Hauge vann felthurtig-skytinga med tida 9,77 sek.
Ivar Fivelstad skaut beste grunnlag (10-skot) og sikra eit napp i grunnlagspokalen med poengsummen 99, og med 7 innartiarar.
Sunnylven skyttarlag vann også lagskyting for senior med 292 poeng. Laget bestod av Ivar Fivelstad (99p), Kristian Andre Frøysadal Hauge (99p) og Dag Andre Hauge (94p).