MS Fridtjof Nansen hotellskip på Hellesylt

MS Fridtjof Nansen blir ved Hellesylt cruisekai i fire veker under filminnspeling, og søkjer Stranda kommune om skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk i gruppe 1, 2 og 3 frå 29. august til 25. september.
I saksutgreiinga skriv rådmannen i Stranda at MS Fridtjof Nansen skal fungere som hotellskip for True North Norway AS under filminnspeling på Hellesylt. I den samanheng søkjer dei skjenkeløyve for å kunne skjenke til arbeidarar og teamet som bur om bord i skipet den perioden prosjektet skal føregå. Ein skal ikkje skjenke besøkjande frå land.
Det har ikkje vorte henta inn uttalar frå Politiet eller Sosialtenesta grunna den korte tidsfristen for å få denne saka opp politisk, av same grunn har saka heller ikkje vore oppe til behandlling i HOK.
Løyvet det blir søkt om gjeld når skipet ligg ved kai på Hellesylt i perioden 29.08. – 25.09.2020. Løyvet er gjeldande på følgjande areal:
Dekk 6: Restaurant Aune, Restaurant Fredheim, Nansen Science Center, og Outsite deck.
Dekk 9: Restaurant Lindstrøm
Dekk 10: Explorer Lounge & Bar og Bar Pool deck 4.
Skjenkestyrar er Alexander Kibsgaard og reservestyrar er Sissel Grytå.
Stranda kommune sine vedtekne skjenketider er gjeldande: Gruppe 1 og 2 (øl og vin): Kl. 10:00-02:00, og for gruppe 3 (brennevin): Kl. 13:00-02:00, står i tilrådinga.
Saka blir handsama av Stranda kommunestyre på møte onsdag 26. august.
https://www.hurtigruten.no/skip/ms-fridtjof-nansen/#om-skipet